torsdag 30. juni 2011

Ny dag, nye mulegheiter..
House doctor varer er pakka ut,
og nokre hekla armband er på plass
i butikken...
I dag er alle tre 
Patinadamene på jobb!!
Velkomnen innom då..
Til deilig kaffi, nydelege kaker
og goood Patinaniste..
Opningstider:
tors-søn
11-17

onsdag 29. juni 2011

Ein palle med varer
ifrå House doctor er
i hus...gledar oss
til å pakke ut..
Ny Patinaveke startar
 i morgon..
ope tors-søn
11-17
Velkomen:))

tirsdag 28. juni 2011

Møte på Patina i kveld..
..og me har servert kaffi og kake..
Elles ein skikkeleg regnversdag..
No lengtar me etter sommaren..!
Bildet til høgre viser ein
detalj ifrå ei av våre fine
leilegheiter...og fargen
på veggen er sjølvsagt Patinagrå:))
See you:)

søndag 26. juni 2011

I dag laga me litt
kvardagspynt i butikken..
Brukte mjølkekartongar
som me ofte har frykteleg
mange av etter ein dag.. 
vart fine vasar..
Inspirert av flinke Brigg..
No natt for iallefall
ei av Patinadamene..

lørdag 25. juni 2011


Nokre heklalykter er
klare for Patina 
i morgon...
Ulven bak finn du òg
på Patina, og kostar 
600,-
Fleire mønster i butikken,
av desse populære tapetremsene
ifrå norske Scandinavian Surface.

Me har fine dagar 
for tida.. masse gjester
frå fjern og nær..
Me bakar og bakar,
og lagar deilig kaffi..
Velkomen innom oss i
morgon òg.
Ope frå 11-17.

onsdag 22. juni 2011

Pictures of the apartments




Fleire bileter av dei nye leilighetane våre !
More pictures of our two apartments !
Øverst, den fine blåe trappa vår og dei to fine dørene som fører inn til kvar sitt husvære....
I midten ein lampe med strikka skjerm som pyntar opp på eit lite bord med ekte patina...
Og nederst, frå ein av dei tre hemsane...ramma inn av hønsenetting...
fint å ligga her og sova....


Utsikt frå hems !
View from the loft !

fredag 17. juni 2011

Evangerlaurdag



I morgon er det Evangerlaurdag her i bygda.
Det er vorte tradisjon med ein laurdag i juni.
Her er mykje aktivitetar for både små og store, mange boder og god stemning.
Me har sjølvsagt ope både på butikken og kaféen.
Marknaden varar frå kl 11-16, me har ope til kl 17.
Om kvelden er her dans !
Kanskje har du lyst og ta turen ??
Du er velkomen !

torsdag 16. juni 2011

Patina husvære





Velkomen til Patina husvære !
No driv me på med siste finpuss før me innlosjerer våre fyrste gjester i morgon....
Hjelp !
Leilighetane er vorte kjempefine etter månaders arbeid....
No vert det kjekt og sjå korleis det går utover sommaren...
Om du vil ta ein tur i Vossa området, så send oss gjerne ein forespørsel på patina@evanger.net

Tusen takk til Sideeinar, RosaUnivers og Orlaug som har skrive og teke flotte bileter ! :)

Og elles byrjar me med sommar opningstider idag,
tors-søn kl 11-17

Velkomen innom !

søndag 12. juni 2011

Flott helsing..

Snakk om flott helsing
me fekk hjå sjølvaste næringsministeren!!
Husværa våre er 99% klare, og
opningsfesten er unnagjort!
Me er strålande nøgde med alt!!
....og snart kan du koma på ferie til
Evanger, og bu på Patina!! Jippi!!

søndag 5. juni 2011

Snart klar..

Det byrjar å nærme seg ei
avslutning...
To leilegheiter er snart klare...:-)

onsdag 1. juni 2011

Bjørk i sol


Tenk !
Eg var så heldig og nett sjå sola her ein dag...
Nett no er det styrtregn ute, og det er fyrste sommarmånaden.


Me har laga masse bjørkesaft som skal selgjast på kaféen.
Den må du koma og smaka. Knallgodt !


I morgon, kristi himmelfartsdag, held me stengt ( også grunna konfirmasjon )
Men velkomen skal du vera, resten av helga.
Og då satsar me på å setja ut solparasollen vår :)