mandag 29. august 2011

Då var balkanfest-helga over,
og kvardagen byrjar
att på Patina..
Me takkar alle de
utruleg kjekke folk som
var innom oss i helga, og
håpar de kosa dykk like mykje
som me gjorde:)
Ynskjer alle ein fin dag,
og so snakkast me..;)

lørdag 27. august 2011

Balkanfest-Evanger

Då er me igang!!
Balkanfest 2011
er eit faktum!!
Ein super start 
i kveld..og me
gledar oss til meir 
i morgon!!
Patina har ope ifrå 
11-18
Dette må du
berre ikkje gå 
glipp av!!
Ta med deg
bestemor el
svigerinna og 
kom!! Dette
er like moro
for alle:)))

onsdag 24. august 2011

Ein hjarteleg festival




Eit vakkert kakehjerte, handlaga i Kroatia.
Eit slikt kan du kjøpa med deg frå årets
Balkanfest.
Det er verkeleg ein vakker festival, på alle måtar !



Her er kreative folk, og me lagar det meste sjølve.
Billettbua er ny av året, kanskje har du både sett og høyrt den bakpå ein tilhengjar på forrige laurdag ? ;)


Små og store er hjarteleg velkomne !
Patina har ope som vanleg heile helga :)

mandag 22. august 2011

Patinadamene sender
ein bukett blåklokker
til alle dei smilande 
kjekke kundane våre..
..og blogglesarane våre..
Tusen takk til
kvar og ein av
dykk for
at de stadig 
dukkar opp:))
Klem frå oss:))

fredag 19. august 2011

Events på Patina og Evanger



Det nærmar seg årets høgdepunkt på Evanger !
Neste helg er nemleg Evanger forvandla til ein landsby i det indre Balkan, ein landsby kledd til fest !
Her kjem fantastiske musikarar frå fleire ulike land, her vert servert kortreist mat tilreidd på ekte Balkanvis, og her er eit yrande liv blant vimplar og lys.
Musikken er rytmisk herleg og ein får mest lyst å dansa heile helga til endes.
Laurdagen er det gratis inn på festivalområdet for små og store fram til kl 18.
For dei små er det to Badnabalkan konsertar, ein kl 12.30 og ein kl 15.
For dei store kan kyrkjekonserten med Ralitsa ( bulgarske syngedamer ) og konserten med Guro Von Germeten anbefalast, i tillegg bør du få med deg dei fengande blåseorkestra Erdogan Orkestar og Fanfare Vagabontu. Jovan Pavlovic frå Trondheim kjem også i år, og vil ha eit samarbeidsprosjekt med den bulgarske gruppa Thrace og syngedamene Ralitsa i kyrkja på søndagen.
 Aahhh, dette blir berre heilt fantastisk !
Sjå innom http://www.balkanfest-evanger.com/ for meir info.
Dette bør du ikkje gå glipp av....



Men fyrste events er ein gratis konsert på Patina,
no på søndag kl 16.
Vibeke Sonora Mykkeltveit vil koma og synga med si heilt særeigne stemme.
Ho komponerer sin eigen musikk og etterpå er det mogeleg å få kjøpa hennar cd.
Her er sjølvsagt råd og få kjøpa seg gode kaker og herleg kaffi.
Velkomen til Evanger !

søndag 14. august 2011

Nokre innhaldsrike dagar
er over på Patina..
Strålande sol, varmt og
huset fullt av kjekke
overnattingsgjester!
 To flinke, og
utruleg koselege
damer har òg
vore på besøk!
Ein fotograf,
og ein stylist:))
Dei var her i to dagar,
og fekk boltra seg 
heilt fritt!!
Me takkar for besøket,
og kanskje kjem
noko på trykk om 
oss etterkvart....:)
Patina og Evanger
viste seg iallefall
frå si aller beste side..:))

tirsdag 9. august 2011

Fin vase som 
kan bli din
i butikken..
Og bilde av 
fine liljer 
som me har pynta 
med den siste
tida..
Hugs ope att
på torsdag, og
du er hjarteleg
velkomen:)

lørdag 6. august 2011

Ein koseleg kveld
i går..
I den nydelege hage-
stova til ei av
Patinadamene..
No straks ny
dag på Patina!
Velkomen innom:))

onsdag 3. august 2011


Ny frisk i morgon..
Mange godbitar fann vegen
til oss her om
dagen..
..nederste bildet viser
bilen vår..FULL..!!
No er alt på
plass i butikken..
Velkomen innom då:))