lørdag 31. desember 2011

Godt nytt år!!

Patinadamene ynskjer
alle eit riktig
GODT NYTT ÅR!!
..og takkar for det gamle...
På gjensyn i
det nye året:))

onsdag 21. desember 2011

Førjolstemning

Tykkjer det meste vert vakkert med ein gamal, grå og verslitt vegg som bakgrunn... Eller grå og grå. Desse slitte veggane er eigentleg eit samansurium av ulike brun-gråe-beige-nesten grønaktige nyansar. Me nyt dagane fram mot jol! Og i alle fall når godveret syner seg fram!

lørdag 17. desember 2011

Siste opningsdag før jol


Ja men sann...
Då var det klart for siste 
opningsdag på Patina
dette året..
Det har vore 
nok eit kjekt år,
og me har drive både kafe,
  nytt/brukt butikk
og overnatting!
Ynskjer å takke alle
dei fine gjestene
våre som har vore
innom, og gjeve oss
tru på at det er mogeleg
å drive som me gjer!!
Me seier tusen takk,
og ynskjer alle ei
nydeleg fin jol!!


Ope 
12-16
i dag, med
graut ifrå
kl 13.
Velkomen innom:)


Gode klemmar
og tusen takk!! 
Hilde, Turid og Irene
*klem*klem*klem*

onsdag 14. desember 2011

Siste veka med ope før jol

Ja, dette er siste veka me skal ha ope dette året... Me tek no ein lang og deilig joleferie som faktisk varer ut heile januar! Men du er hjarteleg velkomen innom denne veka tor12-16, fre12-17 og lau12-16.

torsdag 8. desember 2011

Gåvekort og kaffikort

Patina har no laga gåvekort og kaffikort... Heilt heimalaga sjølvsagt:-) På gåvekortet kan du sjølv velje beløp, medan kaffikortet kostar 150kr. Då kan ein sjå fram til å kose seg med 6 koppar valfri kaffi. Du er hjarteleg velkomen tor12-16, fre12-17 og lau12-16.

onsdag 7. desember 2011

Vinteren er komen!

Det er så deilig med snø og sol! Og om ein i tillegg har fri, då.... I dag går me på ski og i morgon er me på Patina:-) Velkomen innom!

lørdag 3. desember 2011

Jolemarknad på Evanger

Jolemarknad her på
Evanger idag. I regi av flinke
kvinne og familielaget!!
Mange utstillarar
både ute og inne..
Her er noko for alle..til 
og med joleverkstad for borna..
Velkomen til ein kjekk dag.
Patina har ope i det
same tidsrommet
12-18
Håpar du trossar litt regn
og tek turen:))

torsdag 1. desember 2011

....sjølvsagt ope i dag òg
12-16, og du er
hjarteleg velkomen
inn i varmen i
dette ruskeveret:))