fredag 29. juni 2012


Me har vore litt kreative på Patina
dei siste dagane,
og det har resultert i eit par
nye smykke..hekla smykke
i både bomull og ull.
Bildet viser eit av dei...og fleire er
i anmarsj:)
Me opnar som vanleg kl 11 i dag,
og serverer etterkvart deilige
nysteikte skillingsbollar bla.:))
Velkomen innom:))

onsdag 20. juni 2012

Denne søte vesle vogna
kom inn dørene hjå oss i dag:)
Og i morgon er det meldt sol..
Då blir det fint å sitje utanfor
 i den fine hagen vår..:)
..ostekaker, ny type suksesskake, brownies
bla på menyen:))
..og sjølvsagt patinaniste:)
Velkomen innom folkens:))

søndag 17. juni 2012

Patinadame i Elle Decoration

Patina har nok ein gong vore heldig og fått fin omtale i eit godt interiørblad. Denne gongen var det ein fin-fin reportasje frå Hilde sitt hus og uthus. Og i små notisar vart det informert om Patina og Balkanfest. Veldig kjekt!


I denne flotte utestova kosar alle Patinadamene seg.  Her har me hatt mange kjekke sommarskveldar! Me har til og med teke eksamen her ute før me fekk serveringsløyvet vårt....

lørdag 16. juni 2012

Nokre fine, travle dagar er over
på Patina:) Og i kveld er Patinahuset 
fullt av overnattingsgjester:)
Bildet viser ei av våre fine lykter,
perfekt til sommarkvelden..og ei gamal
sag..kanskje noko for far?
Tok med bilde av ostekaka òg..mmm
På gjensyn på onsdag:)

tirsdag 12. juni 2012

I forrige veke hadde me koseleg besøk av to
hyggelege damer:) Dei har laga fine innlegg
om oss på kvar sin blogg:) Sjekk ut her
og her. Tusen takk:)))
I morgon er me klar igjen,
og håpar du tek turen innom oss.
Snakkast:))

mandag 11. juni 2012

Sommaren er igang !



Evangerlaurdag er over for lengst,
men det var ein flott dag !
Masse folk og fint ver :)

No er sommarsesongen igang hjå oss.
Merkar at turistane kjem
og me har utvida opningstider.
Ons - laur kl 11-17

Velkomen innom oss om du fer forbi
Evanger og Voss i sommar :)

fredag 1. juni 2012

Evangerlaurdag

 
 
 
I morgon er det klart for
ein av dei store dagane på
Evanger:) Evangerlaurdag!!
Mangt og mykje hender den dagen,
moteshow, kassebilløp, orgelkonsert
brasskonsert, loppemarknad..
og mykje meir..Alt hender utandørs,
og det vert sjølvsagt sol...?!!
Ta med deg ein ven eller to
og kom:))
Patina opnar kl 10-17
og me er klar med gode kaker,
kaffi og eit innhaldsrikt
 LOPPEBORD!!


Kom på Evangerlaurdag!!
Hurra!!