lørdag 28. juli 2012



Her er det ei Patinadame som er klar for ferie :)
Blid eller kva ??



Sjøbua vår etter opningstid,
litt kveldssol lyser opp....

Opplyser også i det same,
om at me stenger butikk/ kafeen vår,
15. og 16. august ( ons+tors )
Det dukka opp noko som me berre MÅTTE på....
Meir om det sidan.
MEN : i staden opnar me to andre dagar same veka,
altså 13. og 14. august ( man+tirs)
For dykk som kjem langvegsfrå,
kan jo dette vere greit å vite om ;)

God helg alle !!!

tirsdag 24. juli 2012

Ganefart

Me Patinadamene er ikkje kokkar...,
og me har mykje å lære
frå alle dei ekte gode husmødrene rundtom...
Me prøver oss fram med maten me serverar.
Me vil gjerne at den skal smaka godt...
Me er kresne...
Og me føler ofte at det ikkje er godt nok...
MEN, me har iallfall heimelaga mat, både kaker og brød.
Og me lagar kaffien med omhug.
Me handlar mykje av råvarene våre på den lokale matbutikken,
i tillegg til å bruke lokalprodusert spekemat i det me serverer.
Og så lagar me vår eigen bjørkesaft :)


Me synes også det er viktig at alle skal føla seg velkomne hjå oss.
Og me er rause med smil :)

Det me skal fram til,
er at me har meldt oss på ein konkurranse...

hi hi, me elskar nemleg konkurransar :)
Denne konkurransen er me ikkje med i for å vinna,
til det er det altfor mange flinke matkyndige folk med,
men me synes at fokuset til konkurransen er viktig.

"Ganefart - Årets beste spisested langs vei og vann"

Om du har lyst å ta turen innom til oss,

enten for å smaka vår heimelaga mat,
og gode kaffi,
eller ta ein inspirerande runde blant gamalt og nytt interiør,
så er du hjarteleg velkomen !

mandag 16. juli 2012

Tilbakeblikk..
Sånn var det på Patina
for tre år sidan..
mimre, mimre..



søndag 15. juli 2012


Bileter frå ein fjelltur
i nærområdet idag.
Ein kan køyre bil opp på Styvestippen,
som ligg ca 700 moh
Derifrå kan ein rusle innover ein sti,
forbi Klenegjelen, og vidare opp
på Auborranipa 1076 moh.



Nydeleg !


Ta deg ein tur i fjellet du og, om du kan.
Og sjølvsagt kan du kome å bu hjå oss, om du vil...


torsdag 12. juli 2012

Hesje ver

Det drypp litt her i vest. Litt sånn typiske hesje ver. I dag ligg likevel mesteparten av hesjestaurane fint opplagt sidan tidlegare generasjonar. Men dei er no fine å sjå på og;-)
Du er velkomen innom oss ons-laur 11-17! Kanskje finn du ein hesjestaur inne hjå oss og...?

fredag 6. juli 2012


Innimellom bakeøktene i går,
klarte me å mekke saman litt fargerik
pynt til hagen vår!!
..fint sant..?
Håpar å sjå deg i dag:))
Sola skin..og det er varmt 
og fint:)


Velkomen innom!
Beste helsing
Turid og Irene..
..
..fanga i ein uventa 
augneblink:))
he, he..

onsdag 4. juli 2012

Litt stemningsbilder ifrå Patina idag:)
Me har hengt dei fine putetrekka i
diamantsting opp på veggen:))
Velkomen innom att i morgon:)
Patina og vesle Evanger sett
ifrå eit fint utsiktspunkt:)
(Patina heilt til venstre)
I dag er det ny Patinaveke, og
me har fyllt opp fryseboksen med 
masse ny is ifrå Alm gard:)
..kanskje du har lyst på lakris-is..
eller kanel-is..? Masse ny eplejuice
ifrå Ulvik er òg på plass,
i tillegg til eit lass med brukte
godbitar:))
Me gledar oss til å sjå deg,
og håpar du òg har lyst på litt
god kaffi, kaker og ein matbit...
Velkomen innom:)