mandag 9. november 2009

Stylistoppdrag



Idag har Patina damene vore på stylist oppdrag på gamleheimen her i bygda.
Det var jo litt moro og, sjølv om det er veldig vanskeleg å få det til å bli fint innimellom fastmonterte varslingsgreier, ovnar, brannsløkkingapparat og diverse anna som sjølvsagt er naudsynt på ein institusjon.


Me flytta litt på dette gamle orgelet, slik at me kunne pynte litt rundt det.
Og den litt kjedelege kork oppslagstavla kledde me med litt blondestoff. Den vart litt betre syns me.



Dei utruleg fine bildene som heng på veggen fann me i den gamle gamleheimen ved sida av, der alt gamalt og ubrukeleg er samla ( alt det fine spør du oss... ) Gjenbruk er ofte det beste :)


Om ikkje alle heilt likar den nye stilen vår, så var me einig om at forandring fryder for ei lita stund :)

lørdag 7. november 2009

Førjolstida er kome til Patina!

Dette er ei deilig tid! For no er det vel lov å snakke om jol, eller!?
Me har funne fram jolepynten frå i fjor og pynta litt medan me ventar på varene frå House Doctor (det skulle ikkje vere lovleg å vere så treige!!)




Gamal jolepynt er alltid like flott. Her har me hengt ei gamal joletrekongle på ei kvitlakkert grein. Ganske så fint spør du meg...

Denne deilige tida er og glimrande til å lage litt jolegåver. Så slepp me å få det så travelt når jola nærmar seg skikkeleg! På torsdag sydde eg små "topplokk" til nokre fine glas me har frå House Doctor. Så vert dei meir anvendelege om ein ynskjer å oppbevare mat i dei.


For meg som ikkje strikkar så grådig mykje er det ei glede at det finst strikkeglade personar som deler av sin overflod.... På Patina sel me utruleg deilige små plagg frå "Olivia". Som ho sjølv seier "heimaspøta med glede". Slike ting er det kjekt å gi bort i gåve!




Patina - T








lørdag 31. oktober 2009

Nye varer og sluttrapport ferdig !



Eg lovde å visa nokre av dei nye varene.
Her ei kjempefin lykt, med ein litt anna form enn mange andre lykter.



Desse zinkfatene kan brukast til mangt. Og litt knottar og knaggar er alltid kjekt å ha litt av.



Ein smule jolestemning.... jepp :)



Gledar meg til å lage noko godt som eg kan putte oppi desse fine og enkle marmeladeglasa.
Det treng jo ikkje berre vera marmelade... Kjempefin jolapresang !



Ellers er me SUPER glade for endeleg å få sendt avgårde sluttrapporten til forprosjektet vårt.
Dette kartet over Elje Gard som Turid og mannen har laga vart sendt med. Kjem ikkje heilt fram på biletet, men det var utruleg fint.
Forstår ikkje anna enn at dei som sit på pengane må smelta når dei ser slike fine bilder frå området rundt garden, gamle uteløer ( som me i framtida vil bruka til overnatting i vår Patina Simple Living ) og eit flott kart med fine turstiar, klare til bruk !
Me føler framgang i prosjektet, og det er bra :)

No er det helg, og kanskje tek me ein tur i skogen for å finna litt "goder" til heimen :)
Kos dykk alle !

torsdag 29. oktober 2009

Metervis med band



Sidan me bur ganske i nærleiken av Dale Garn sin fabrikk, og der skulle vera SALG idag, måtte to damer ( les: Turid og Hilde ) hiva seg i bilen og sjå om det kunne vera noko spennande.... som me sjølvsagt ikkje vil gå glipp av ;)



Det første eg såg då me entra lokalet, var "alt på bordet, GRATIS "
Juhuuu, dette likar me :)
Desse rullane med fine vevde band låg nemleg der.



Meter på meter med fargerike band. Kva kan dei brukast til, tru... ?
Me fann litt anna òg sjølvsagt, men det var til heilt andre prisar.... hi hi :)

Varene frå Ib Laursen er kome i butikken, dei kan me visa i morgon :)

tirsdag 27. oktober 2009

Ein kan kan finne både mangt og mykje i skogen!

Me Patina-damer har jobba mykje med forprosjektet vårt den siste tida. No driv me med sluttinnspurten, og då vert det ein del timar framfor datamaskina. I dag sa ryggen min at nok fekk vere nok, og då måtte eg ut på tur i ulendt terreng....
Eg tok meg då ein liten tur i nærområdet rundt garden vår; Elje Gard.
Det fyrste eg kom over var ei gamal bos-dynga (søppelplass). Eg måtte sjølvsagt bort og kikke litt nærmare!



Ikkje langt frå den gamle bosdynga fann eg denne flotte gamle komfyren!



Sjå kor flott mønster det er på ovnen! Det kan og sjå ut som han har vore sylv-farga, men det kan vel ikkje stemme?
Eg tykkjer denne gamle ovnen står der som eit lite kunstverk, og minnar oss om tider som har vore. Søppel er det i alle fall ikkje!

Det høyrer vel med til historia at eg ikkje vart så mykje betre i ryggen etter turen.... Trur nok eg må liggje på sofaen resten av kvelden. Fysisk aktivitet må vere oppskrytt?!

Patina -T

mandag 26. oktober 2009

Tida flyg



Eit bilde av den fine fuglen som minste jenta mi har laga skal åpne veke 44.
Dagane fyk avgårde, og idag skal eg og Turid på økonomikurs !
Trur me treng å lære litt på det området...



I går dragsa eg med meg denne greina heim frå ein tur i nærområdet. Den skal enn så lenge få stå der i hjørne på kjøkkenet mitt. Kanskje kjem det litt pynt på den etterkvart, når det nærmar seg meir jul.
Likar veldig godt den naturlege pynten.
Ellers ventar me i desse dagar varer frå Ib Laursen, eeeeendeleg !
Det gledar me oss til :)
No må eg flyga som fuglen....hi hi :)

Ha ei strålande veke folkens !

torsdag 22. oktober 2009

Thrifty chic



Idag sitt eg på butikken og kosar meg med dei nyinnkjøpte bøkene mine :)
Og denne boka, "Thrifty Chic - interior style on a shoestring"
er berre så utruleg fin og heilt i vår ånd !
Som det står så fint ; " When it comes to creating a home, Thrifty Chic shows you how to reuse and restore, revive and revamp, and recycle and reclaim, in order to create a stylish yet individual home without spending a small fortune."
Det er vel som me skulle sagt det sjølv her på Patina :)



Den andre boka eg har kjøpt meg er denne ; Skandinavisk jul.
Ei bok eg har høyrt andre har skrytt av, og det virkar som det stemmer.
Klarar ikkje heilt stå imot fine julebøker...
Men, bøkene varar jo år etter år, så det er vel ikkje den dummaste innvesteringen... ;)



Patinadamene har ellers vore på møte idag, med Destinasjon Voss.
Me er inne i siste fase av marknadsundersøking og forprosjekt. Kanskje ikkje slike ting som er det kjekkaste me driv med, men det må jo til. Likevel kjekt å snakka med personar som kan gje oss eit litt anna syn på ting, noko som me kanskje ikkje hadde tenkt på....