tirsdag 22. februar 2011

Opning


Endeleg er me klar for ny frisk!
Me opnar att på torsdag
24 februar kl. 12-16:))
med gratis bollar til alle!

Me gledar oss til å
servere gamle og nye gjester
alt det gode me har å tilby:)
Gled deg til deilig kaffi, te el kakao...
og både søtt og litt salt å bite i..

Om du ikkje er svolten eller tyrst, kan du ta
deg ein runde i den fiiine
butikken vår...
Som vanleg er det ei herleg blanding av
nye og brukte ting.

Velkomen:))




søndag 20. februar 2011

Det vakre i det enkle


Medan me ventar (les:styrer på) med å opne Patina får me kosa oss med 3 steinar som ligg i glaskarmen. I sola!
Torsdag 24.feb opnar me opp att :-)

torsdag 17. februar 2011

Snart ope att....



Butikken vår har stått litt på hovudet den siste tida.
Eit lass med brukte ting dukka opp, samtidig som det skulle snikrast og ryddast eit kontor- og hobbyrom i andre etasje, alle vindauger skulle få ekstra vintervindauge, pluss at hylla på kjøkkenet holdt på og detta ned, slik at alle koppar og fat måtte settast ut over diskar og bord.... I tillegg er det full snikring i halve delen av huset som skal verta til leilighetar, og dermed vert det mykje trakking og skit som fylgjer med....



Men idag er det berre ei veke til me opnar att etter vinterstenginga vår.
Me er difor så smått byrja og få orden på ting, og det var råd og ta nokre bilder.
Torsdag 24.februar har me ope frå 12 - 16 att, pluss fredag og laurdag same tid.
Me gledar oss til det :)

fredag 11. februar 2011

God helg!


Etter hundre år med nedbør ser det ut til at me får fint ver i dag, og i helga! Jippi! Ynskjer dykk alle ei glimrande helg:-)

(er det nokon som veit korleis eg får ned storleiken på bileta når eg brukar blogwriter...?)

mandag 7. februar 2011

Brass-NM



Til helga er det NM for brassband i Grieghallen i Bergen !
Det er årets happening for slike som meg, ein ekte brassnerd... ;)
Eg spelar trombone, og i desse dagar er det berre øving som gjeld, å få det bra nok, slik at ein iallfall har gjort sitt beste og kan vera fornøgd med det. Målet for det korpset eg spelar med, Tertnes Amatørkorps i 1.div, er fyrst og fremst å halda seg i divisjonen, i tillegg til at det skal vera moro :) I desse dagar sit ein og gnur med tonar og takter ein ikkje får til....og både skuldrar og lepper strammer seg....
På laurdag skal det skje.....og på ca.13 min er stykke ferdig ;)
Eg og mannen skal bu på hotell heile helga og kosa oss med herleg brassbandmusikk og god stemning :)
Dei som skulle vera frykteleg interesserte ( reknar ikkje med at det er mange..he, he ), men her er ein link til direktesending på web-tv frå Grieghallen : http://www.spilleglede.no/?module=Articles;action=Article.publicShow;ID=3090

PS. Ellers denne veka skal to Patinadamer nett fly ein tur til Oslo på årets SMAK-messe. Håpar å få gode idèar og inspirasjon til kafèen vår :)
Ynskjer alle ei super veke !!

søndag 6. februar 2011

Ut på tur og aldri sur


Dette er fyrst og fremst ein test for å sjå om eg klarar å blogge frå mobilen. For det hadde vore enkelt!
Legg ved eit lite stemningsbilete frå fjellturen i helga.

tirsdag 1. februar 2011

Skogens konge..

Vakkert bilde, av flotte dyr...Synst
dette bildet fortjenar ein plass i lyset...
Me er trygt tilbake ifrå Oslo,
og mange nye varer er
bestillt...:))