mandag 27. desember 2010

Jolefred



Her er frykteleg stille på denne bloggen vår for tida.
Eg trur Patinadamene har teke jolaferie, og det er herleg :)



Viser litt bilder frå mi eige stove denne gongen.
Det er godt å berre slappa av og kosa seg med slike ting ein ikkje alltid får tid til ellers.



Håpar at alle de andre der ute også kosar dykk i jola.

onsdag 15. desember 2010

50 % på jolevarer



Utruleg kor tida fyk før jol !!
Me er klare for våre siste opningstider på Patina og me slår til med
50 %
på alle jolevarer !
Me har ope torsdag til søndag, deretter tek me ein lang joleferie og vinterferie, dvs me held stengt til februar...
Tida skal brukast til dugnad på huset og vidare utvikling av både butikk, kafé og overnatting.
Me gledar oss til eit nytt spanande år !
Men fyrst og fremst, velkomen innom oss før jol :)

fredag 10. desember 2010

Adventstid


I dag er det nydeleg på Evanger. Snøen lavar ned, og skapar ei perfekt ramme for koseleg kafebesøk:)

Ute berre -7, og då er det fin temperatur inne òg...:)

Freistar det med god kaffi el kakao, brownies, fikenkake, eller kanskje speculaas..?
(nederlandsk julekake)
Då lyt du rett og slett ta turen innom oss:)

Etterpå kan du handle resten av jolegåvene f.eks..
Du er iallefall hjarteleg velkomen!

Ope 12-17 i dag
og 12-16 laurd og sun.

fredag 3. desember 2010

Ein anelse raudt og jolemarknad


I morgon er det JOLEMARKNAD på Evanger !
I tillegg skjer det spanande ting i nabohuset vårt, Rongahuset.
Der er det flytta inn ei ekte kunstdama som heiter Mona Nordaas. Ho er proppa med nye planar for det store spanande huset. No har ho, saman med Kjell-Erik Ruud, laga klart for kunstutstillinga : "Ein anelse raudt" . Her får du "vera med på eit besøk inn i Julie Røeds siste bopel og får et innblikk i hennes forunderlige liv", som kunstnarane skriv.
Mona er ein meister på gjenbruk, og rundt alle vindauge har ho laga sløyfer av knallraud plast.
Eit verkeleg blikkfang !


Ellers er sjølvsagt også me klare for marknad i morgon.
Då vert gato vår liknande meir ei skomakergate, og den gode jolestemninga er garantert.
Me kan ikkje lova gode og varme lokale, men noko varmt i koppen skal me klara ;)
Marknaden varar frå 12 - 17
V e l k o m e n !



Me skal ha ope torsdag til søndag fram til siste helga før jol.
God helg !!!