mandag 31. august 2009

Fantastiske balkanfest



Då var Balkanfesten over for i år.
Litt vemodig, litt godt, litt skremmande....
litt undrande...., litt meir erfaren...
veldig glad..., meir nyfiken,
klokare, utruleg rørt og takksam.

Det er mange som er i sving under ei slik helg. Å jobba slik på dugnad gjev eit godt samhald og det er utruleg kjekt. Samtidig vert ein fullstendig tom når helga er over og ein er tilbake i kvardagen att.

Me sit att med mange gode minner og dei kan me leva lenge på.

Det var mange flotte konsertar og mykje dansing. Marko Markovic og hans orkester gjorde jobben sin brilliant og det same gjorde Farmers Market. Badna Balkan var moro for ungane og ellers var her fantastisk stemning. Denne musikken klarar ein ikkje å sitte i ro til :)

Ein av dei finaste opplevingane eg hadde var kyrkjekonserten med Rakija.
Ein utruleg sympatisk gjeng som spelte lett opprocka tradisjonelle songar frå Balkan i tillegg til eigenproduserte låtar.





Det regna mykje heile helga, men kva gjer vel det når det meste av området ligg under telt og presenning :)

Det var ein tung ryddejobb i går, då ALT var vått !

Alle snorene med vimplar vart hengt opp til tørk på loftet til mannen min sin snikkarverkstad.








Hi hi, synes det vart riktig så koseleg der oppe no....

søndag 23. august 2009

Messe, marknad og masse moro!

Patina-damene har vore i hovudstaden for å bestille varer og få nye impulsar! Og turen var heilt topp. Spesielt for underteikna som var med for fyrste gong. Guri malla så mykje rart butikkar har høve til å kjøpe inn! Kan nesten ikkje hugse siste gongen at 7 timar berre forsvann bak meg. Me var innom fleire utstillarar, men bestilte berre frå nokre utvalde... Gled dykk, godtfolk!!

Her ser de Irene og Hilde i full konsentrasjon med å plukke ut varer hjå House Doctor. Der var det veldig mykje fint! Nesten som proffe innkjøparar gjekk me rundt med eigen scanner og bestilte varene heilt sjølve...




Laurdagen starta med ein ganske tidleg frukost før me la på veg ned til marknaden under Vaterlandbrua (trur det var det det heitte). Mellom rusk og rask og mykje juggel (det er vel lov å seie det som det er?) fann me nokre skikkeleg godbitar som me tok med heim til butikken vår!


Då me hadde brukt opp alle innkjøpspengane me hadde planlagt å bruke (for dette er damene med full kontroll!) gjekk me over til privat-pengane. Då tok me turen til Grunerløkka og alle dei trivelege butikkane som finst der! Har lyst til å leggje inn eit ekstra godt ord om butikken Purpur. Ein stad for glede, nytelse og inspirasjon! Trur kanskje me såg eit bilete som likna mistenkeleg mykje på eit me har hatt i butikken og...?!


Som før nemnt var det ein topp tur! Me struttar over med ideear som skal verte gjennomført så snart Balkan festival er over. For dei komande dagane vil verte brukte til å førebu Evanger sin beste Balkan fest, ever!!





Patina- Turid




torsdag 20. august 2009

Fretex og messe



Siste kjøp på Fretex.
Syns ofte det blir dyrt å kjøpa der for å selga vidare i butikken, men av og til MÅ ein berre...

Kjøpte eit fint fat i blikk. Nydeleg mønster på.
Den kule lampen er min personlig. Har mala foten gul og prøver febrilsk å finna den rette plassen i stova...



Og denne vesle dokke berebagen var berre heilt skjønn med det mønsteret.



Me reiser til Oslo idag, på gave-og interiørmesse.
Fyrste gong for Turid, så her blir det se og lær :) Hi hi :)
Me skal kosa oss masse.
Butikken blir difor stengt i morgon.
God helg til alle, og takk for hyggelege kommentarer sist :)

mandag 17. august 2009

Ein heimasydd festival



Årets balkanfest på Evanger nærmar seg med stormskritt.
Sidan mannen min er festival general, og eg er god sekretær ;), blir det mykje jobbing no siste vekene.
Eg har teke på meg ansvaret for pynting.
Festivalen har som varemerke at det meste skal vera heimelaga.
I fjor sydde Irene og eg haugevis av vimplar av forskjellig stoff, som hang på kryss og tvers gjennom gato. I tillegg hengte me opp mange gamle kjolar og farga lyspærer. Det vart kjempefint.





Svigermor er ein kløppar på symaskina, og ho fekk mellom anna æra av å sy banneret på scenen.
Her er bilete frå Gabriel Fliflet og Ole Hamre si framsyning.



I år er eg i full gang med å laga ein banner som skal henga på tvers over gato.
Eit stilig stoff frå Ikea vert bakgrunn. Og til bokstavar brukar eg skjorteavklipp ( sidan eg har ei mor som syr bunader :) ) Problemet er å sy sikk sakk rundt kvar bokstav... Det tek sjølvsagt lenger tid enn eg hadde rekna med, og eg kjenner at skuldrene vert stive... Men, men, ALT for balkanfesten i desse dagar :) Får prøva å gjera mest mogeleg før me fer til hovudstaden. etter det er det berre nokre dagar att....



Eller DOBRO DOSLI NA BALKANFEST om du vil :)

fredag 14. august 2009

Ommøblering



Det nærmar seg hausten, og igår kom ommøbleringslysta over meg - igjen.
Det var hobbykroken som fekk seg ei fornying.



No kan eg gleda meg til mørke haustkveldar med tente stearinlys og forhåpentligvis ein kreativ hjerne...
For det er jo ikkje berre å skru på den delen av hjernen alltid ;) sjølv om ein kunne ønska det var slik.







Me har også mykje butikkplanlegging framover.
Merkar at ein sommarferie har gjort godt, og eg trur at me alle tre er klare for vidare arbeid med huset vårt.
Nett no er det den eine ytterveggen som får sin overhaling. Den som me berre raskt skulle skrapa og mala...
Var visst ikkje so enkelt.
Det må bytast på diverse rotne plankar.
Slik er det vel med gamle hus....
Men butikken er open idag og neste helg reiser me til Oslo på gave-og interiørmesse.
Da verte skøy !!
Ha ein fin dag !

tirsdag 11. august 2009

Friske hyller

Fann ut eg måtte fiksa litt på eit skabbedakk av ei hylle me kjøpte på eit loppemarked i Sverige tidlegare i sommar. Syns den var utruleg kul med den gule fargen inni. På eine sida av hyllene inni var det verken malt eller anna. I staden for å prøva å finna ein maling som likna ( det hadde eg jo aldri fått til likevel... ) så tok eg og limte på noko gamal tapet eg hadde liggande.
Tja, ikkje so verst, og så fort gjort :) Yes I like !
( Trudde eg hadde tatt eit bilde før eg begynte på den, men etter leiting i mine mange bilder, fann eg ikkje det, dessverre )





Fann ei hylle til og. Den var brun og i grunnen litt kjedeleg. No har eg fresha den opp litt med lys grøn maling og ein nydelig tapet eg aldri blir lei av. Heldigvis har eg litt att på rullen endå :)



Eit ganske dårlig bilde, men, men...

torsdag 6. august 2009

Eit lite livsteikn

Neidå, me drukna ikkje heilt på Madonnakonserten, berre nesten... Men me hadde ein fantastisk opplevelse då me fekk stå berre fem meter frå superstjerno, og konserten var utruleg BRA !!!

Har tatt litt bilder på butikken idag.







Og utanfor er skrapearbeidet i gang. Her skal det malast !!