søndag 23. august 2009

Messe, marknad og masse moro!

Patina-damene har vore i hovudstaden for å bestille varer og få nye impulsar! Og turen var heilt topp. Spesielt for underteikna som var med for fyrste gong. Guri malla så mykje rart butikkar har høve til å kjøpe inn! Kan nesten ikkje hugse siste gongen at 7 timar berre forsvann bak meg. Me var innom fleire utstillarar, men bestilte berre frå nokre utvalde... Gled dykk, godtfolk!!

Her ser de Irene og Hilde i full konsentrasjon med å plukke ut varer hjå House Doctor. Der var det veldig mykje fint! Nesten som proffe innkjøparar gjekk me rundt med eigen scanner og bestilte varene heilt sjølve...




Laurdagen starta med ein ganske tidleg frukost før me la på veg ned til marknaden under Vaterlandbrua (trur det var det det heitte). Mellom rusk og rask og mykje juggel (det er vel lov å seie det som det er?) fann me nokre skikkeleg godbitar som me tok med heim til butikken vår!


Då me hadde brukt opp alle innkjøpspengane me hadde planlagt å bruke (for dette er damene med full kontroll!) gjekk me over til privat-pengane. Då tok me turen til Grunerløkka og alle dei trivelege butikkane som finst der! Har lyst til å leggje inn eit ekstra godt ord om butikken Purpur. Ein stad for glede, nytelse og inspirasjon! Trur kanskje me såg eit bilete som likna mistenkeleg mykje på eit me har hatt i butikken og...?!


Som før nemnt var det ein topp tur! Me struttar over med ideear som skal verte gjennomført så snart Balkan festival er over. For dei komande dagane vil verte brukte til å førebu Evanger sin beste Balkan fest, ever!!





Patina- Turid




6 kommentarer:

alette siri ane sa...

Så koselig å høyra at dere har hatt det bra på messen og eg gleer meg til eg skal innom dere og hilse på!

Trollkåno sa...

Åja, her var nok damene på rett plass......nesten so ein vert litt misunneleg.

Patina-H sa...

Tjohoi :) Takk for turen damer ! Kjempeskøy :)

-Å- sa...

Såg og høyrdest kjempekjekt ut!! (og at det er damene med full kontroll har eg aldri tvilt på ;) )

No er det nedteljing til komande helg! OPA!

Sannemor sa...

OjOjOj!!!
No vert det handletur til Evanger!

Hilde S. sa...

Hei hei, og takk for sist.
Det var veldig koseleg å treffe alle 3 Patina damene
på messa.
Lukke til med Balkanfestivalen til helga.
Eg kjem nok kanskje ein tur til neste år,heller:)
Smil H