fredag 28. mai 2010

GP og facebook

Heeeeeeeeeelg ! :))
Eg er ein av dei som elskar Grand prix, det har eg gjort frå eg var liten. Eg lar meg fascinera av heile sirkuset :)) Sjølvsagt har eg fått med meg dei to semifinalane denne veka, og synest akkurat no at eg bur altfor langt frå Oslo....
I morgon er det la grande finale, og eg skal sitta benka framfor tvèn ;)
Ein av mine favorittar, Sverige, rauk jo ut i går, men det er mange andre fine.
Lena frå Tyskland er bra, og songen hennar får verta fredagskosen i kveld :



I tillegg vil eg tipse om facebooksida vår, der det akkurat no er ein vervekampanje på gang ;) Sjekk ut her : Patina Facebook

God helg !!

torsdag 27. mai 2010

Klar for picnic...


Kan me freiste med ein liten picnic tur ? ;)
Me har fine nostalgiske termosar.
Framleis litt kaldt i veret, men varmen lyt vel koma snart, veit eg...


Her er full rulle på Patina idag og. Snikkarane bråkar, men me er so gla :) Det er kjekt og sjå at det går framover og at det nærmar seg både kjøkken, toalett og lager. Kanskje får me til og opna ein liten kafè i løpet av juni....
I den anledning måtte eg nett prøva ei ny oppskrift, Syltetøykyss såg enkle og gode ut, og denne fann eg hjå Kardemomme.



Ha ein fin dag !

fredag 21. mai 2010

Før kjøkken....



No er me igang !!!
Snikkarane hadde sin fyrste dag i går, og kom allereie eit stykke på veg.
Ikkje dei vakraste bilder å visa idag, men slike før-bilder er vel sjeldan vakre ;)



Dette skal altså verta kjøkkenet til den vesle kafèen vår, i kombinasjon med butikken.
Det blir STAS !!!
Me går endå og surrar rundt oppi hovuda våre over mangt og mykje som skal bestemmast, men det skal bli så bra til slutt :)



Slik gjer ein snikkar når han er ferdig for dagen, henger sin habitt på dei ledige spikrar som det er mange av ;)

onsdag 19. mai 2010

Velkomen til oss!!


Då var det tilbake til kvardagen, og nye kjekke dagar på Patina!! Kanskje du har bruk for noko som me har?  Denne kjekke tingen på biletet over feks. til hyssing eller garn...kostar kr 100,- 


Eller kva med ei mjølkeflaske, med nostalgisk skrukork til kr 50,-
Valget er ditt, blandt mykje anna. Kaffi og noko å bita i til alle som stikk innom:)
Velkomen skal de vera:) 
Ope tors og fre 12-17
laurdag 11-15

mandag 17. mai 2010

Vel overstått 17.mai!

17.mai er på hell, og på Evanger vart dagen heilt ok sånn vermessig. Så lenge me ikkje fekk regn på bunad og skaut så er me fornøgd :-) Nedanfor ser me starten av vårt tog: nemleg flaggberaren!


Ei oppstasa Patinadama. Og jammen ville Nils (katten) vere med på biletet og.

Bunaden til dottera er vorte nøye tørka over med fuktig klut. Ingen ketchup og is-flekkar får lov å verte med på neste 17.mai feiring!
Ynskjer alle ei strålande veke!


torsdag 13. mai 2010

Ib Laursen og gratis kake!

Alltid moro med nye varer! I går fekk me inn litt nye varer frå danske Ib Laursen. Kven har ikkje lyst på ei fin vasskanne i sink, som og er fin å sjå på når ho ikkje er i bruk...?

Og om nokon har trong for knaggar eller knottar så byrjar me no å få eit variert utval. Kanskje du har ein kommode eller eit nattbord som kunne fått gleda av ein ny knott....?

Litt meire sink....:-)
Kan og friste med nokre brukte godbitar i butikken I TILLEGG TIL AT ME SERVERER KAKE OG KAFFI/TE PÅ PATINABUTIKKEN I MORGON FREDAG 14.MAI. VELKOMEN INNOM!


søndag 9. mai 2010

Eit steg vidare...



Endeleg var det tid for å prøva ut dei nye parasollane frå House Doctor.
Sjå kor nydeleg !! :)
I går var det ein fin og koseleg dag på Patina.



Det er brått gått eit lite lys opp for oss damene, at me er i ferd med å få laga eit kjøkken, slik at me så smått kan byrja med kafèdrift...
Brått må me finna ut korleis kjøkkenet skal sjå ut, sjølvsagt mest mogeleg praktisk...., korleis butikk-og kafèdisken skal sjå ut..., kva me skal servera ???? Og kva utstyr me må ha.. ????



Det meste er nytt for oss og me får vel litt hjartebank med tanken.
Av og til føler ein at dette er heilt sprøtt og ikkje noko å satse på, men samtidig er me tre damer som støtter kvarandre, som veit at me har lyst til dette og som veit at me kan klara det.....
Puh, det er berre å bretta opp ermane og ta fatt ;)
Me gledar oss....

fredag 7. mai 2010

Jordbærkompott

Når sola skin meir og meir for kvar dag,  får eg alltid lyst på jordbær..I går laga eg difor ein kompott som svigermora mi ofte brukar å lage:

Litt jordbær
Litt sukker
Litt potetmjøl

Kok opp jordbær og sukker og la det koke litt..
Ha deretter i potetmjøl utblanda i litt vatn, og la det berre nett boble litt.
Vips ferdig.
Avkjøl.

Server med fløyte el is, eller begge delar...Nydeleg..!
I morgon er det laurdag att, og ein fin anledning til å ta ein tur til vesle Evanger, og vår koselege butikk. Me har ope ifrå 
11-15
og du er hjarteleg velkomen innom!!

torsdag 6. mai 2010

Sykkeltur og andre sysler



Her er dessverre litt stille på bloggen for tida...
Kan det vera hektiske tider som gjer det ??
Uansett vil eg idag vise bilder frå sykkelturen eg hadde her ein dagen.
Aaahhh, så deilig og kjekt med ny SYKKEL !!

Å sykla oppover Teigdalen og starten på Den grøne sløyfa, høyra vårbruset frå elva, fuglekvitter i tretoppane og sola skine frå blå himmel, då kjem energien strøymande...
.

Tok meg også ein tur oppover den vakre stien opp mot fjellgarden Brunborg.
Her kunne eg sitta og nyta den medbrakte nista og fundera over livet, heilt i ro og mak ;)


Energi treng me framover. Me skal i desse dagar setje igang med å laga kjøkken, i tillegg til toalett og eit lagerrom på butikken. Me har heldigvis tinga snikkar som skal gjera mesteparten, men planlegginga og finarbeidet må me ta oss av.
Målet er å få igang kafèservering om ikkje lenge...hjææææælp ;)
Ein skremmande, men også veldig spennande tanke :)

Butikken er open som vanleg i prosessen, sjølv om det kanskje vert ein del rot.
Det toler me :)
Hei så lenge !

mandag 3. mai 2010

Våren er komen! Definitivt!

Så er våren komen til Evanger. Sola og varmen er endeleg komen, og sau og lam har fått ein velfortent tur ut. Her er eit lite trøytt lam med mammo passande på like bak....


Det er ikkje mykje gras på Elje enno, men det er deilig ute likevel!
Elje Gard med Mykkeltveitveten i bakgrunnen. Båe er flotte reisemål for dei overnattande til Patina (når romma ein gong vert klare til å ta mot gjester... Me gledar oss sånn!!).