fredag 7. mai 2010

Jordbærkompott

Når sola skin meir og meir for kvar dag,  får eg alltid lyst på jordbær..I går laga eg difor ein kompott som svigermora mi ofte brukar å lage:

Litt jordbær
Litt sukker
Litt potetmjøl

Kok opp jordbær og sukker og la det koke litt..
Ha deretter i potetmjøl utblanda i litt vatn, og la det berre nett boble litt.
Vips ferdig.
Avkjøl.

Server med fløyte el is, eller begge delar...Nydeleg..!
I morgon er det laurdag att, og ein fin anledning til å ta ein tur til vesle Evanger, og vår koselege butikk. Me har ope ifrå 
11-15
og du er hjarteleg velkomen innom!!

3 kommentarer:

Dans på roser sa...

Yndige bilder! <3
Skulle vært litt nærmere Evanger og Patina....=)

Ha ei fin-fin helg.
Kathrin.

Rosa sa...

Heisann:)
Her var eg faktisk innom i går..;) Var på ein liten biltur, og oppdaga denne lille perla av ein koselig butikk. Fikk med meg ei godluktende såpe, noen hoppetau til niesene m.m. Koselig berre å være i det gamle, gode huset, likte meg best i 2.etg. var så mye fint og artig der. Koselige hus og gater på Evanger, titta nok innom Patina igjen seinare når eg drar forbi;)
(Fant dekan ikkje på fb?)

einar sa...

Den jordbærkompotten såg utruleg god ut. Syns eg kjenner lukta av varme jordbær. Apropos jordbær: På denne tida av året må det vel vera snakk om tungt genmanipulerte utgåver av arten? (viss du ikkje er så disiplinert at du har eit lager i frysen)