onsdag 30. desember 2009

Du herlege jol


GOD JOL ALLE SAMAN !

Her er det svært så stilt på bloggen for tida. Eg trur Patinadamene har teke heilt ferie ;)
Og det er jammen godt :)
Med slike herlege joledagar, fylte med snøleik, god mat, familiehygge og annan hygge, avslapning og kos, gjer det ingenting å ta litt pause frå hektiske kvardagar elles.


Litt bileter frå heimen....
Vårt litt rare joletre i år, ein pjuskete einebærbusk, men den gjer nytten og vert i grunnen finare etter som dagane går, hi hi :)

Årets jolekalender, med 24 jolekuler hengt opp i vindauga :)
Snart skal pynten vekk att, og me byrjar eit nytt år.
Det vert spanande...
Ynskjer alle som kikkar innom ei framleis god jol og eit fantastisk nytt år i vente !

mandag 21. desember 2009

Fine førjolsdagar

Då har Patinadamene stengt butikken for dette året !
Det er alltid litt godt å ta seg ein liten vinterferie etter jola, ikkje det at me ikkje kosar oss på butikken, men det er så frykteleg kaldt å stå der.....br r
Men du, kor vakkert med denne snøen som er komen !



I går fekk me aka ned frå Elje ( garden til Turid ) som ligg ca tre km oppover.
Det er det kjekkaste ungane veit, og eg må innrømma at eg synes det er kjempeartig sjølv ;)
Ein blir som ein liten unge igjen...., hi hi :)


Inne er det små sysler framleis, litt baking, rydding, vasking og presang-luring...
Måtte nett ta bilete av dei ferske fikenene som eg kjøpte på nærbutikken hin dagen, er ikkje kvardagskost her i huset akkurat, men det var liksom noko "jolete" over dei.
Har sett nokre oppskrifter med fersk fiken i, får sjå om eg tek meg tid til å prøva før jol...

Ellers blir det lite blogging for tida og lite tid innom alle dykk andre bloggarar, men eg antek det er litt likt for alle i desse tider.

No må eg hiva meg rundt og handla inn siste rest av presangar...


Ha ein fin dag alle saman !

mandag 14. desember 2009

Med ynskje om godt samvet!

Sat og leitte etter eit blogginnlegg som omhandla nokre utruleg fine pepperkakehus. Det eine førte til det andre og brått hadde eg kikka på 3-4 nye innlegg på blogglandia. Alle bilda viste meir eller mindre perfekt interiør... Då eg kikka opp var det dette eg såg i stova mi:

Sinkbaljen skulle eigentleg vere fyllt med nydeleg innpakka jolegåver, men der ligg vel berre 2 der enno... Framfor og rundt dei fine tinga eg hadde satt opp glaskarmen ligg instrumenta og notebøkene til ungane, og litt klementiner og klementinskall.
I dette hjørnet av stova er det mor sjølv som har rota. Prøvde meg på litt pynt oppå og rundt det gamle skapet, men så kom eg brått på at eg skulle karde litt for ca 14 dagar sidan. Slik har det no stått i alle dagane etterpå. Rusk og rask etter kardinga er det på, under og rundt bordet (visar faktisk ikkje så godt på biletet). I papirsekken er det fullt av skitten ull. Rett frå fjøsen og inn i stova!

Heldigvis sat det nokon og baka peparkaker på kjøkenet, så då eg kom inn der rista eg av meg alt det dårlege samvetet for rotet i stova og kasta meg med glede og iver inn i kakebakinga!
PATINADAMENE YNSKJER ALLE FLINKE JENTER RUNDT OM I BLOGGLANDIA RIKTIG GODT SAMVET! Gjer det dykk har lyst til, og ikkje det dykk føler at de må.... Og ta gjerne turen innom Patina på Evanger no på tors (12-17), fre (12-17) eller på laur (11-15). Etter jol held me stengt eit par månader for då skal me starte oppussinga!!
Patina-T

lørdag 12. desember 2009

Me tok ein prøvevetur for å sjå etter joletre.

I dag skulle eg ikkje vere på Patina før litt utpå dagen. Hadde eigentleg tenkt meg ein tur til Voss for å ordne litt småputl til jol, men ungane hadde ikkje lyst! Dei ville berre ut i skogen og sjå etter joletre. Så då gjorde me faktisk det. Heldigvis! For ein dag i skogen! Sol! Rim på bakkar og tre! Det glitra og funkla overalt.


For ordens skuld nemnar eg at det er vår eigen skog. Slik at dykk ikkje trur me knabbar tre frå andre....
To tre som veks tett vert raskt kandidat for å verte joletre. Me har liksom litt sympati for det treet som etterkvart skal ende opp inne i jolestova vår. Det er ofte eit eller anna litt feil med det treet som vert med oss heim...

Kulda har kledd inn grana med eit tynt lag med rim....


Ungane oppdaga ei "glittermyr". Sjå her! Sjå der! Overalt glittra det! Kven treng glitter inne når me har glitter ute?



Ei lita vasskjelde har frose til is. Det var ikkje mykje å gli på, men det var veldig mykje moro!
Sa eg at me fann oss eit joletre? Me gjorde det! No står det eit stort og to små joletre ute i skogen med raude joleband på seg... Eit til stova vår, og eit til kva av ungane sine rom! Me skal hente dei siste sundag før jol.
Etter skogsturen bar det ned til Patina. Der lukta det Kongerøkelse, stearinljosa var tent og berre trivelege kundar var innom. Topp dag!
Patina- T

fredag 11. desember 2009

Nydelege boksar og fretexfunn !

Skundar meg nett å skriva eit innlegg på ein fredagskveld.
Har funne fram vinglaset og ynskjer mest å setja meg ned i sofaen og kulan, og snart byrjar fredspriskonserten. Den vil eg ha med meg. Har verkeleg sansen for Obama, so fekk eg no sagt det og :)


Måtte berre visa desse fine boksane som me ENDELEG har fått inn på butikken.
Dei er berre itruleg fine, og kan brukast til så mangt. Den største er så stor at det er plass å legga blad oppi ( det var ei som nemnte det idag ).


I går var eg på Fretex og snopa meg ei ny pute og litt herleg retrostoff ! Ikkje akkurat jol, men det er ei tid for alt, he he.
Synes desse runde putene er fantastisk fine.
Den passa godt i sofaen min så lenge :)


Me har mange andre godbitar i butikken, så kom gjerne innom før jol. ( PS. Etter jola held me stengt butikken til ut i februar, så det gjeld å gripa sjansen.... )

Ynskjer alle ei god og fredeleg helg :)

onsdag 9. desember 2009

Litt oppskrifter

Då me hadde ope butikken på jolemarknaden, serverte me heimebakte kaker i ein boks, som vart godt motteke. Brandy Snaps heiter dei, og eg har funne oppskriften på denne bloggen, som er butikken Shabby i Oslo sin. Diggar den butikken som me alltid prøver å få med oss når me er innom hovudstaden :)
Oppskrifta er som fylgjer :
BRANDY SNAPS
125 g smør
125 g sukker
125 g lys sirup
150 g hvetemel
1 ts presset sitron
1 ts whisky ( kan droppes og erstattes med sitron )

Start med å smelte smør, sukker og sirup. Ta til siden og rør inn resten. Avkjøl deigen. Sett små kuler på stekeplate dekket med bakepapir. Stekes ved 175 grader 8-10 min. Hold god avstand på stekeplaten, ca 8 om gangen.
Avkjøl på rist i et par minutter, før du ruller dem rundt skaftet på en tresleiv. Pass på de er varme, og du MÅ rulle de mens de er varme.

Har baka litt idag og, mine beste jolekaker
Mandelflarn. ( dei minnar også litt om brandy snaps )
Denne oppskrifta er rett og slett Tine produkt si, og den er kjempe enkel !

MANDELFLARN
100 g smør
100 g sukker
100 g mandler, hakka
2 ss kremfløte
2 ss hvetemel

I stekeovn 150 grader ca. 15 min.
Smelt smøret og rør inn sukkeret. Varm til kokepunktet. Avkjøl litt og rør i mandler, fløte og mel. Sett kakene på plate med teskje, beregn god plass, for de flyter svært ut. Avkjøl.

Må berre beklage bildene, eg trur ikkje eg skal verta nokon matfotograf, ser liksom ikkje så innbydande ut... Men, men, oppskriftene har de fått, og eg lovar gode kaker, so då er det berre å baka ;)

tirsdag 8. desember 2009

Litt jol i heimen


Idag har eg teke litt bileter i heimen.
Er so smått byrja å pynta til jol...
Gullhjorten er ny av året, og den vart me fort utsolgt for på butikken. Eg fekk nett ein til meg sjølv, puh ;)
Julebokstavane laga eg i fjor. Kjekt å ha ein møbelsnikkar til mann, fort gjort å laga nokon bokstavar då...



Her er ein krok av stova mi...
Bilete på veggen laga eg for to år sidan, av noko gamalt stoff og ei gamal ramme utan glas...
I grunnen veldig lite ny jolepynt hjå meg i år, har henta inn litt frå naturen, som er mykje fin pynt i seg sjølv.



Bortsett frå denne då, den er ny, hi hi, ja det er faktisk eg som har laga den, og ikkje minstejenta på sju... :)
Mannen min sa, at den skulle eg vel ikkje legga ut bilete av, og nettopp difor gjer eg det, tudelu :)
Dette kan ein vel verkeleg kalla naivistisk pynt, og kanskje ikkje den ein tek fram att til neste år, he he :)
Duken er vel gjerne det som er finaste på biletet, ein ekte fin adventsduk.
I morgon skal eg starta jolebaksten :)
Kos dykk alle !

søndag 6. desember 2009

2.sundagen er gjort

Då var jolemarknaden på Evanger over for i år.
Koseleg stemning var det som alltid, sjølv om vinden bles ut faklar og prøvde riva med seg det den kunne få fatt i. Det store joletreet står iallfall endå, med sine fine farga lys.
Diverre ingen bilder frå meg idag, då kamera var tomt for batteri, og eg var litt for travelt opptatt med å stå i butikken. Trur dei andre Patinadamene også hadde nok med sitt, men, eg ser at andre sjølvsagt har hatt med seg kamera, og om du tek ein kikk innom denne bloggen vil du sjå litt bileter frå butikken vår.


Om nokon lurar på kva me har opna i kalendaren vår, så kan eg bl.a nemna økologisk eple-og kanelte, eit fint grønmalt blikkfat, nydelege sandkakeformer med gamalt margarinmønster, gamalt rosa glitter rett frå Fretex, røykelse og idag kvit spraymåling !
Me er storleg fornøgde, hi hi :)
Bilete skal nok koma !

fredag 4. desember 2009

Travle tider

Her går dagane frykteleg fort og Patina damene er travle med forskjelligt. Me har delteke på reiselivsmøte på Voss, der det er mykje i gjære for tida...spanande å fylgje med.....

Me har vore på oppstartseminar for sykkelturisme i Hordaland i Bergen, då me vil at akkurat dette skal vera eit av satsingsområda til Patina. Veldig spanande dette også....

I tillegg til dette er me inne i travle førjolstider, som mange andre, og me forbereder jolemarknaden som skal vera på Evanger no på søndag.
Då vert det jolestemning med kveiking av jolegrana, verkstad for dei små, sal av husflidsprodukt, saft og det kjem ei dame som syr dei finaste klede. Ho har kalla kleda sine for Tiljamiid, og de kan sjå bloggen hennar
her.

Me har sjølvsagt ope på butikken vår. Idag har me fyrt opp røykelsen og satt på fin jolemusikk, så jolestemninga er på plass. Så folkens, ta turen til Evanger på søndag mellom kl 12 og 17 :)

Apropos god musikk kom eg på at eg ville tipsa om Vossa Jazz sin jolekalendar, for dei som ikkje er så heldige å ha ein hengjande på veggen ;) På heimesida deira vert det kvar dag fram til jol avslørt ein ny artist som kjem til Voss palmehelga 2010.
So då kan ein jo berre byrja gleda seg til den helga også....

tirsdag 1. desember 2009

Ulla popken



Veit ikkje om de hugsar om då Patina damene hadde ein utruleg spesiell oppleving i sommar.
Me fekk besøk av eit klemodell byrå heilt frå Tyskland som gjerne ville ta bileter til den nye vinter- og jolekolleksjonen deira, og då ville dei gjerne bruka interiøret i husa våre som bakgrunn i bileta.
Dette var ei merkeleg, rar og heilt ny erfaring for oss.
Ting gjekk veldig fort i forkant, og me fekk nokre hastverk-ryddingar, for me følte sjølvsagt at huset MÅTTE vera ryddig, må veta ( ein kan jo sjå på bileta kor viktig det var... ;) )
Utruleg rart når ein heil delegasjon med fotografar, modellar, stylistar og sminkørar drog med seg alt utstyret inn i den vesle stova mi. Då eg kikka inn litt seinare på dagen, kunne eg skimte modellen på biletet over, med akkurat den bakgrunnen...hi hi :)


Men, ein kan jo lura litt på om ikkje det kunne finnast eit liknande hus med same bakgrunn nærmare Tyskland.... ? Kan du skimta vindauga mitt i bakgrunnen ? He, he....



Her er eit bilete teke borte hjå Irene, der dei også bar inn eit stort joletre som skulle bevisa at det var trass alt jol....midt på sommaren ;)

Om de vil sjå fleire bileter kan de gå inn på Ulla Popken og sjå.
Ekstra kjekt å tenkja på at den eine modelldama kjøpte med seg eit stort elg-gevir frå butikken vår, so det pyntar nok opp i det store utland ein stad, hi hi :)

søndag 29. november 2009

Ny nettbutikk.



I denne førjulstida har Patina lagt ut ny form på nettbutikk. Her har me lagt ut dei fyrste smakebitane, og meir er i vente! Velkomen innom patinabutikken.blogspot.com

Ynskjer alle ei fin adventstid.

fredag 27. november 2009

This is our day !

Patina må vera er inne i ein god periode, det er me heilt sikker på, for idag fekk me svar på den neste søknaden vår,
og .....................



JJJJJJJJEEZZZZZZZZZZZZ !!!!! :)
Me fekk støtte også frå kulturminnefondet til renovering av huset utvendig :)
Det trengs, for det er mykje å gjera. Men guuuu kor glade me vart :)
Så me måtte feira med litt kirsebærvin på butikken idag, berre ørlite grann...



Ellers har me kosa oss med å laga jolekalendar. Alle tre har pakka inn åtte gåver kvar, småting som kan høva for sal, eller noko lurt me treng, eller noko heimelaga greier... Det blir spanande og sjå kva som gøymer seg inni.



Pakkene vart hengt opp i ei gamal grein oppunder taket. Enkelt og veldig fint :)



I morgon tek me med oss mennene våre til Bergen på riktig kosetur, eller ein kan kalla det årets alternative jolabord, hi hi. me gledar oss iallfall !
Ynskjer alle ei god helg :)

tirsdag 24. november 2009

Hurraaaa !!



HUUUUURRRRAAAA !!!
Idag har bankontoen vår endeleg fått sine etterlengta tusenlappar frå Fylkesmannen i Hordaland til vårt ferdigstilte forprosjekt ( ja, ikkje so mykje som det kanskje høyres ut..., men alt hjelper på ;) )
Det er ein liten start om ikkje anna, og det er godt å vita at timane ein legg ned ikkje er heilt forgjeves.
Og dei timane ein HAR lagt ned er jo ingenting mot alle dei ein SKAL legga ned.... Puh.
Me ventar også spente på svar frå ein annan søknad me har inne, og det får me nok vita over helga.
Så her er ikkje berre adventstankar i hovudet, hi hi ;)

mandag 23. november 2009

Bokintervju



Nok ein gong er det nokon som har funne oss der ute...
Nokon som ein minst ventar...
Ja, also, no vert me forhåpentligvis med i ei bok...
Hi hi :)
Så to av Patina damene har prata og forklart og smilt til kameraet idag :) :)
Alt tatt på sparket !
Og klart me er med på litt PR :)
No får me venta i spenning til hausten..
Meir seier me vel ikkje no, hi hi :)

lørdag 21. november 2009

Gåver til jol ?



Eeeeendeleg kom varene frå House Doctor !
Masse nytt gavepapir med mønster på begge sider, og dermed har ein dobbelt så mykje å velje mellom når ein byrjar på jolegåve innpakkinga.



Desse skålene er både vakre i formen og nydelege på farge.



Fine og praktiske korger, korg med herleg stoff til å henga på veggen og skjønne fargerike krokar.





Med desse bildene tek Patina helg :)

mandag 16. november 2009

Hyggeleg overnatting





Dette er staden som av Dagbladet er kåra til norges hyggeligste overnattingsstad, og det med god grunn.
Bjåen fjellstove ligg på Bjåen i Bykle i Setesdal og Ragnhild som driv staden er verdens koslegaste dame.
I forprosjektet vårt, som me leverte inn for nokre veker sidan, hadde me med Bjåen Fjellstove i vår marknadsundersøking.



Her er det god gamaldags stemning, fyr i ovnen, delikat økologisk og kortreist mat og herleg vertskap !
Ein vinterferie i desse omgjevnadane freistar veldig....
Som Dagbladet skriv : " På rommene våre er det fyr i ovnen, og på kommoden står ei flaske forfriskande fjellvatn. To tjukke, gode hånddukar ligger pent brettet ved siden av, med en liten papirpose stempla med Bjåen fjellstove. Inni ligger en såpe fra Fitjar såpekokeri. "
Såpene frå Fitjar såpekokeri er på ynskjelista til Patina, og noko me gjerne vil bestilla inn.



Om ikkje de fekk med dykk avisa i går, kan de lesa litt her
 Dagbladet Søndag
eller sjå innom nettsida
http://www.bjaen.no/

lørdag 14. november 2009

Natur"putling"


Idag har eg mekka ei knaggrekke på butikken.
Her kom dei tidlegare innsamla rekved plankane til nytte.
Syns det er ein såå fin farge på slikt treverk som har lege og eldast.
Naturen vert ein rett og slett inspirert av !




Knaggane har eg funne i sortimentet på butikken ( og meir av det ventar me inn i desse dager... )



Her har me pynta bordet med ei gamal fjøl...



Gamalt bestikk på ein mosegrodd kvist...
Naturen er i tiden, og det er jo ikkje rart.

Ynskjer alle ei gooooood helg !!

torsdag 12. november 2009

Honning og kveldsro

Ein stille dag på butikken, og frykteleg kaldt.... Men eg har no likevel fått gjort litt nyttige ting.
Idag vil eg reklamera litt for ei veninne av oss, som lagar HONNING !



I tillegg til honning lagar ho bl.a leppepomade og kuldekrem.
Ho kallar seg for Vossabia og bur på denne garden her



Eit ekte sommarbilete, men det kan jo vera deilig å drøyme litt om varme dagar.
Ho har pussa opp eit gamalt kårhus på garden som ho vil bruka til overnattingsstad. Det ber namnet "Kveldsro" og er heilt i vår ånd.



Sjå berre på dette biletet av eit av soveromma, som heiter "Tåke". Herlege navn og herleg stil.
Synd det berre ligg ei mil unna oss, ellers ville eg absolutt bestilt ein tur og budd her....
Skal du til Voss eller omegn er heimesida til Vossabia Gjestetun her.