fredag 11. desember 2009

Nydelege boksar og fretexfunn !

Skundar meg nett å skriva eit innlegg på ein fredagskveld.
Har funne fram vinglaset og ynskjer mest å setja meg ned i sofaen og kulan, og snart byrjar fredspriskonserten. Den vil eg ha med meg. Har verkeleg sansen for Obama, so fekk eg no sagt det og :)


Måtte berre visa desse fine boksane som me ENDELEG har fått inn på butikken.
Dei er berre itruleg fine, og kan brukast til så mangt. Den største er så stor at det er plass å legga blad oppi ( det var ei som nemnte det idag ).


I går var eg på Fretex og snopa meg ei ny pute og litt herleg retrostoff ! Ikkje akkurat jol, men det er ei tid for alt, he he.
Synes desse runde putene er fantastisk fine.
Den passa godt i sofaen min så lenge :)


Me har mange andre godbitar i butikken, så kom gjerne innom før jol. ( PS. Etter jola held me stengt butikken til ut i februar, så det gjeld å gripa sjansen.... )

Ynskjer alle ei god og fredeleg helg :)

2 kommentarer:

Stine sa...

Takk for meg i dag! Dåkke har en super butikk med mange fine skattar :D Helsing Vimse-Stine

Rosa sa...

Dei putene er vekeleg kule, ja. Og så har du ein eigen evne til å finna fine ting. Skulle gjerne "arva" litt av den ;)

God helg, og kos deg med vinglaset!