tirsdag 28. september 2010

Fjellheimen og kreklingbær



Etter ein travel sommar med mykje helgejobbing, var eg ein av dei heldige av Patinadamene som fekk nyta ei frihelg med familien i herleg haust solskin :)
Campingvogntur i fjellheimen vart bestemt, men eg og Turid rakk nett ein tur innom eit par loppisar i Bergen på laurdagen :)) Dobbelmoro ! Fangsten kan de få sjå seinare...



I år er det enormt med krekling i fjellet, så ein klarar ikkje berre gå forbi...
Ungane syntes og det var moro å plukka bær, så me plukka over to kilo på veg heim frå ein lang tur inn til turistforeiningen si hytte, Selhamar, i Stølsheimen.
Patinadamene likar å prøva ut nye oppskrifter basert på råvarer frå naturen, og råsaft av krekling vart kjempegodt !



Det er ein fantastisk følelse og gå slik i fjellet, i slikt eit fint ver og med så flinke og kjekke ungar.
Fjella ligg rett rundt oss her på Evanger, og det finst eit uttal av vegar og stiar å velje mellom.



Her er me på veg opp på Storehaugen (1053 moh ) og ser inn mot Selhamarhytta.
Denne helga gav meg energilager til vinteren som nærmar seg...

onsdag 22. september 2010

Favorittbutikken din ?


For dei som ikkje har fått det med seg, så er me så heldige å få vera i bladet "Lev Landlig" denne hausten.
Bladet er no kome ut for sal i butikkane, og me er godt fornøgde med artikkelen ( sjølv om ein sjølvsagt alltids kunne vore litt finare på håret..., eller hatt ei anna skjorte, eller smilt litt annleis.... hi hi )
Bileta denne gongen er henta frå bladet, og det var Helge Eek som var her hjå oss og fotograferte.



I bladet er det også ein stemmerunde, på kva som er favorittbutikken din... ??
Det er mange fine butikkar rundtom, men har du lyst og stemma på oss, så kan du gå inn via denne linken
http://www.levlandlig.no/reise-og-fritid/2010/08/24/stem-paa-din-favorittbutikk.aspx
eller rett og slett kjøpa bladet og lesa meir der.

Hausten er komen på Patina også, det vil sei at me endrar opningstidene våre litt.
Me vil frå i morgon av ha ope torsdag til søndag frå 12 - 16 ( fredagane til kl 17 )

Velkomne innom for inspirasjon, glede, gode kaker og kaffi :)

søndag 19. september 2010

Litt meir nytt. Ein av termosane frå Blafre design, og flotte heimesydde kjøkkenhanddukar i eit ekte 70 tals stoff. Desse har ei veldig snill dame i nær "Patinafamilie" sydd for oss. Tenk det, tusen tusen takk!! Løp og kjøp...:)

-men vent til torsdag når me har ope att...:)

lørdag 18. september 2010

Nytt frå House Doctor


Nye varer frå House Doctor er kome i butikken :)
Ein stabel med fargerike øskjer....



...enkel kvit lysestake...
Fleire bilder dukkar nok opp etterkvart.
Ynskjer alle ei herleg helg !!

torsdag 9. september 2010

Ommøblert !


Ommøblering er alltid like kjekt !
Eg har hatt ein roleg dag på Patina idag og eg tok nokre bileter av ommøblerte krokar, som Turid og Irene har gjort :)





Dei som abbonerar på bladet Lev Landlig har nok lese om oss allereie.
Bladet kjem vel straks i butikken også....


Løp og kjøp ! :)