fredag 30. september 2011

Ein koseleg dag
i går,
med strikkekafe som
avslutning..
Det kom folk
både frå andre sida
av fjellet, og 
nabobygda..
Kjempekoseleg!!
Me prata, strikka,
kosa oss..
Rett og slett!!
Ny kafèdag i dag,
og DU er sjølvsagt
hjarteleg 
velkomen!:))
Hugs ope frå
12-17
fredagar!

torsdag 29. september 2011

Nye opningstider og strikkekafe

Nye opningstider
i haust:
Tors-laur
12-16
(fredag 17)


Minner om strikkekafe
i kveld 
kl 19-21.30
Ta med deg strikketøy,
hekletøy el anna 
handarbeid..
Me kosar oss ilag,
og prøver å 
produsere noko 
sjølvlaga til jol feks.
Patina sel kaker
og kaffi..mm:)
Hjarteleg velkomen:) 

tirsdag 27. september 2011

Strikkekafe

Patina lagar til
strikkekafe
torsdag 29.sept kl.19-21.30.
Ta med deg eit handarbeid og kom då vel!
Me skal ha strikkekafe
kvar 3.torsdag fram til jol.
Kom på kafe,
kos deg saman med andre
og kanskje lag nokre jolegåver...?
DU er i alle fall hjarteleg velkomen!
Litt bilder frå 
butikken idag òg..
God tysdag til alle!
Klem frå oss:))

torsdag 22. september 2011

 Nokre nye bilder
ifrå leilegheitene våre
ikveld..
I morgon har
me ope på Patina
ifrå 11-17,
men det er stengt
laurdag og søndag..
hugs det..!
..Me skal på bolig og
interiørmesse i
Bergen by!!
..og me gledar
oss:))
Hurra!!

tirsdag 20. september 2011


Litt bilder
ifrå butikken
i dag:)
Fin tysdag til
alle:)

lørdag 17. september 2011

Graut på Patina idag
ifrå kl 13...
eller kanskje kaffe mokka?

søndag 11. september 2011

Søndagskveld hjå
Patinadamene etter
fine dagar..
No litt
fri, før me
snart er
tilbake..
Bilder av både
påbegynt strikketøy,
og eit tips om
korleis ein
kan bruke ein
gamal hekladuk
etter bestemor..
Klems:))

torsdag 8. september 2011



Me har fått
inn mengder med
garn...i
heilt nydelege 
fargar..i ekte 
rein ull:)
No skal me
 strikke
noko kjekt..
Hurra!!:)
Småbrikker har
me òg fleire 
av..heng dei
opp på 
veggen istaden
for på bordet
feks..
Elles har den
eine Patinadama
fri idag, og då 
måtte ho nett
hekle nokre
trekk til
te-glasa våre..
dei er so utruleg
varme nemleg!
God torsdag
til alle
og einkvar:))

onsdag 7. september 2011

Månadens grunder !



Tenk !
Me er kåra til månadens grunder hjå Kvinnovasjon !
Det er ei stor ære :)
Dersom du har lyst og lesa artikkelen om oss, kan du finna den her.
Me seier tusen tusen takk !

Og dersom du har lyst og ta turen innom til oss ein dag,
så har me ope torsdag til søndag i to veker til. Siste helga i september held me stengt, for så å byrja med nye opningstider frå oktober : torsdag - laurdag .
Velkomen !

lørdag 3. september 2011

Herlege klede frå PompDeLux


Tirsdag 6.september skal me ha kle party på Patina.
PompDeLux har klassiske skandinavisk inspirerte klede
for dei søte små.
Størrelsar opp til 152.
( Bildet er henta frå deira nettside )
Og ja, hausten er jo godt igang, og kanskje er du allereie byrja tenkja jolepresangar.... ?
Uansett er du velkomen innom til oss denne kvelden
for inspirasjon og hygge :)
Me opnar kl 19, og freistar med både kaker og kaffi.

torsdag 1. september 2011

Nye gamle dukar og sykkelløp.


Som tittelen seier så har me fått inn ein del nye, for oss, gamle dukar. Desse har no fått vaska og lufta seg på klessnora før dei er på plass i butikken. Og så må me få minne om Sykkelrittet Den Grøne Sløyfa som går frå Evanger til Eidslandet (mosjonsrittet er frå Lavik til Eidslandet) på laurdag. Påmeldingsfristen har gått ut, men kom og heia litt då! Patina er som vanleg ope torsdag-sundag 11-17:-)