onsdag 27. november 2013



Det er regn og ruskevær
utanför vindauga, i kveld,
og i morgon torsdag 
er me som vanleg på plass 
på Patina:)
Det nærmar seg advent, og
me har tatt fram jolepynten:)
..fine papirstjerner 
ifrå Blomme bla.
..tre ulike str. i pakka:)

Velkomen innom 11-16:)

torsdag 17. oktober 2013

Det er på tide med
varm gensar, og varmt 
i koppen:)

Open mellom
11-16 i dag:)

Velkomen innom:)

mandag 14. oktober 2013




To av Patinadamene på toppen av Styveshorgi, 988 moh !
Her kan du vera innan ein times køyre-og gåtur frå Patina.
Det er fine haustdagar i fjellet,
og berre å nyyyyyte...

På torsdag har me ope att frå kl 11-16.
Men om du skulle få lyst å overnatte hjå oss,
er det berre å ta kontakt på e-post.
Leilighetane er gode og varme,
og kjøkkenet er fullt utstyrt.
Og turmogelegheitene er mange !

onsdag 2. oktober 2013





Det er haust. Oktober er her,
og her vest har hausten
vore nydeleg til no:)
Sola skin og gjer
det lett å leve:)

Det kriblar i kroppen etter
å lage noko. Strikke, hekle,
brette papir, sy, male..eg 
nevner i fleng..sånn er det
om hausten:))
Me er inne i "skapelsesprosessen"
på Patina om dagen..
og gledar oss til å kome
i gang med litt kreativt arbeid,
innimellom bakinga;))

...og me har sjølvsagt 
ope samtidig;))

Velkomen innom
i morgon 11-16:)

søndag 8. september 2013

Nye opningstider

Tenk at me har lagt bak oss
ein lang fin sommar!

No står hausten for døra,
og her er åpningstidene våre:

Tors 11-16
Fre 11-17
Laur 11-16

Hjarteleg velkomen
innom ein dag;)

onsdag 28. august 2013


 
 
 
Om du skulle få lyst til å gå deg ein tur i dette
vakre fjellområdet ( inngangen til Stølsheimen ),
så er det berre å gå, sykle eller køyre frå Patina,
den 6 km lange vegen som går opp til Tippen,
ved ca 750 moh.
Då er du komen over tregrensa og det er berre å byrje
på stien som går opp og innover mot Aoboranipa.
Har du ei helg eller nokre fridagar til overs i haust,
bestill gjerne overnatting hjå oss :)
Ellers er dei nye opningstidene våre no :
Tors - Laur kl 11-17
 
Komande helg er det Balkanfest Evanger !!!!
Kom, kom, kom :))
 


søndag 18. august 2013


Sommaren har vore hektisk og fin for oss på Patina,
og endå håpar me å få nokre fine dagar til,
før hausten set inn for alvor...
På mandag byrjar skulen,
og me reduserer opningstidene våre litt.
Me vil ha ope torsdag til laurdag frå kl 11-17 no ut august,
så kjem me tilbake til opningstidene utover hausten litt seinare.

Ikkje gløym at det er
Balkanfest Evanger her den 30.aug-1.sept !!!
Kom og opplev den sydlanske stemninga, med eller utan regn, me lovar deg ei fantastisk helg :)

tirsdag 6. august 2013

Stengt 7. og 8.august

Obs Obs !
Me held stengt på Patina
onsdag og torsdag denne veka
( 7. og 8.august )
 
 

torsdag 1. august 2013

Ein akeleie helsar god natt:)
Hugs opningstidene våre
tys-laur 11-17:)
Velkomen innom:)

lørdag 27. juli 2013


Me har fått nokon av 
Jamie Oliver`s produkt
i hyllene:)) Blandt anna
deilig rapsolje i fiiin kanne,
ketchup i fin flaske og marmeladar
i fine glas..:))
Masse folk har vore innom oss
denne veka, og det er me 
kjempeglade for:))
Innimellom kosar me oss me
òg..denne veka har me 
flotta oss med "cafè au lait"
i skåler, som i frankrike..
..kanskje det blir det til deg òg
ein dag??..me får sjå:))
Helg for oss no..til tysdag..
På gjensyn!!

tirsdag 16. juli 2013


Tida går her på Patina..
Sidan sist har det kome nytt
skilt på veggen, ei dame er
komen vel heim ifrå ferie,
og ei har begynt på ferie:)
Masse folk har vore innom,
og me har hatt det ganske
so travelt gitt:))
Nye varer ifrå ein av våre
nye leverandørar Blomme
kom idag...både vesker,
lys, vimplar og partyballar
er på plass i butikken.
Kom og sjå!!
Me er der som vanleg 
mellom 11-17 
i morgon:))

onsdag 10. juli 2013


Ein nydeleg sommardag på Evanger i dag !
Båten vår, den kvite,
er komen på vatnet, klar til bruk.
Om du overnattar hjå oss kan du få låne den
og ta deg ein koseleg ro-tur på Evangervatnet...
Eller du kan rusle deg ein tur i
nærområdet, her er merka turløyper :)
Send oss ein e-post eller ring oss,
me har framleis ledige leiligheter i sommar !
patina@evanger.net
0047 90957388
 


onsdag 3. juli 2013

Litt bilder

Stemningsbilder ifrå
instagram @patinaevanger på ein
onsdag:) Følg oss
gjerne:)

Velkomen innom oss
i sommar.
Tysdag-laurdag
11-17

Patinaklem:)

søndag 30. juni 2013








 Det er søndag, og fridag
på Patina:)
Kanskje du skal gå ein
tur i skogen?
Patinadamene har ilag med Evanger
kvinne og familielag
merka ei ny turløype her
i nærområdet.
Gamlevegen Evanger-Hernes
har blitt "raud tur" og
har fått fine raude strikkaband
på, og skilt som
skal gjere det kjempelett
for alle å finne fram:)
Me anbefalar alle å 
gå denne fine turen
som passar for alle som
kan gå:)
Startpunkt er like over
jernbanelina ved
Evanger stasjon:)
God tur og fin søndag:)


torsdag 20. juni 2013

Sommaren er her..
Turistane er her..
..og me er her..oh yes;)
I dag har me bla. hatt kjekke, koselege
damer på avslutningslag..
..og kjekke koselege menn på 
kveldsmøte..
..og morgon skal me lage lunsj
for ein heil gjeng..
berre sova litt 
no...før
 ny frisk i morgon
*smile*
(Ps: bildet til høgre er
ifrå eine leilegheita,
det andre borddekking 
i kafeen:))

Ope 11-17:) 

Hjarteleg velkomen!

onsdag 19. juni 2013


Då har me starta opp med våre sommar opningstider !
Det vil sei :
Tirs-lør kl 11-17


Me har også byrja å selgje klede frå Tiljamid Design.
Fargerike og fine mønster i små størrelsar,
i mjukt og deilig bambusstoff.

fredag 14. juni 2013




Butikken bugnar..
Det er helg og go´kjendsla..
Til og med ope i morgon:)
11-16

Velkomen innom:)

onsdag 12. juni 2013



Då var me klare for ein ny Patina-dag :)



Me har fått ny levering av flatbrød frå Guri !
Snart serverer me lokal spekemat med heimelaga potetsalat og flatbrød...
Det er sommar <3 font="">

torsdag 6. juni 2013





Om den eine Patinadama klarar
å stå opp tidsnok vert det
foccacia på menyen i morgon:)
..og ostekaker då...og krydderkaker, brownies 
og deilige kaffisortar osv..
Me kryssar fingrar..

Håpar du tek turen innom:)
..me gledar oss:)
ope 11-17 fredagar:)

onsdag 5. juni 2013

Me nyt lange fine, ljose sommarkveldar
her vest...
..og i dag er me tilbake på Patina:)
Ta deg ein tur!!
Ope 11-16
Hjarteleg velkomen:)

søndag 2. juni 2013

Nok ein velukka Evangerlaurdag 
er over:)

Me takkar alle som fann
vegen innom oss,
og snakkast på
onsdag:)

onsdag 29. mai 2013

Velkomen til ein ny dag på Patina:)
Ope 11-16:)

mandag 27. mai 2013

Me ventar på hundekjeksen..
ingen spor førebels..

Ha ein flott dag,
og hugs ope att på onsdag:)
11-16
Velkomen innom!

lørdag 25. mai 2013



Litt detaljar ifrå butikken
øverst, og so måtte eg berre ta
med eit bevis på at noko
blømer her på Evanger..
..til og med blå himmel er det!

Takkar alle som kom
innom oss, og ynskjer 
god helg:)

fredag 24. mai 2013


 
Ny fredag på Patina:)
I går kom litt fleire varer
til butikken. Mange fine
gåver, bla ei fiin hevekorg
til vakre brød..
..noko for den bakeglade:)
Dagen skal dessutan nyttast 
til å vaske leilegheiter
etter gjester, og klargjere
til nye:) Kanskje du òg kunne
tenke deg nokre dagar på Evanger? 
send oss gjerne ein mail
på patina@evanger.net

Ope 11-17 idag, kom innom
og prøv vårt nye sunne 
alternativ..frukt,grønt,nøtter..mmm
..og kaker då sjølvsagt..og god kaffi..
Velkomen innom:)

onsdag 22. mai 2013

Me har fått inn nye clipboards i fine fargar:)
..og kvitveisen blømer, og er
endeleg frodig og fin:)

Ope 11-16 torsdag:)

mandag 20. mai 2013

For nokon dagar me har hatt!!!
Sommaren kom til oss her vest
på berre eit blunk:))

Likevel nytta den eine patinadama
helga og sola til skitur i
fjellheimen;)

...vel heime att blømer magnoliaen..

På onsdag har me ope att,
..me håpar veret held seg,
og at du tek turen innom!

Ha ein finfin kveld:)

fredag 17. mai 2013


Ein fin og varm 17.maidag er snart over,
og det er alltid like godt å få av seg bunaden og
slenge beina opp i sofaen... ;)
Vel overstått til alle saman :)

Me har stengt i morgon, 18.mai.
Ynskjer alle ei fin pinsehelg !

torsdag 16. mai 2013

Fine kjølebagar til ein
veldig rimeleg penge..berre 30 kr:))
Løp og kjøp:))
Ope 11-16 i dag.

Hjarteleg velkomen:))

onsdag 15. mai 2013

Ein knott har fått nytt svart trekk..
..og eit bilde av norsk natur her
vest siste tida..ufatteleg lenge
sidan me venta so lenge på våren,
her mellom stupbratte 
fjellsider..

Ja, ja..varmt og godt inne hjå oss,
og god kaffi, te, kaker osv:)
Alt heimelaga..hugs det!

Ope 11-16 i dag:)
Velkomen*

tirsdag 14. mai 2013

 I morgon er det ny Patinadag.
...har kome inn litt nytt, og i tillegg
har me laga litt sjølv òg. Strikka litt,
malt litt osv..noko me elskar å
drive med...ein gamal stol vart
ny då heile stolen, puta og alt
 vart svart bla..

Velkomen innom ifrå 
11-16

mandag 13. mai 2013



Eit bilete frå årets konfirmasjonsdag på Evanger !

No er det snart 17.mai
og me ventar framleis på  at bjørka skal spretta...
Me skal ha ope på kafeen vår i år også :)

Kanskje vert det sol.... ?
Det er iallfall lov å håpa.. ;)

fredag 3. mai 2013


Ja, tenk, det er mai....
Me prøver å halde motet oppe og trur framleis
på ein god og varm sommar !

Kanskje har du lyst å ta ferieturen til Evanger i år ?
Den fine stølsheimen rundt oss innbyr til turar,
og her er kort avstand til både Bergen og Voss.
Me har framleis ledige leiligheter !
Send oss ein forespørsel på patina@evanger.net

Fram til varmen kjem, kan du gjerne kosa deg på kafeen vår
 med herleg kaffi, blings eller ein god is frå Alm Gard.

Våre opningstider er som før :
Onsdag til Laurdag kl 11-16
( Fredag til kl 17 )

Velkomen skal du vera :)


mandag 22. april 2013



...litt bilder på ein 
tysdagskveld.
Me er her enno, og
styrer med vårt som 
me pleier..
Lappeteppet øverst har 
fått små nye lappar 
av gamalt stoff.
..og inn kom eit `nytt`
jesusbilde her om 
dagen..
Kom innom oss ein 
dag det passar då!!
Du er iallefall
hjarteleg velkomen!!
Opningstider 
øverst til høgre:))

torsdag 11. april 2013


 Eit lite besøk inn i den eine fine
leilegheita vår i kveld:)
Dette er den minste, har eit
soverom, og ligg i fyrste
etasje. Her er god plass til to
personar, men fire kan òg bu her.
Då må to sove på sovesofaen i stova, som de
ser her på bildet:)
Elles fullt utstyrt kjøkken,
og bad med dusj.
Ingen tv, men trådaust internett:)
Hjarteleg velkomen:)

lørdag 2. mars 2013







Patinadamene har tatt helg etter
nok ei fin veke. Året har starta bra,
og me må få takka alle de 
koselege folk som har funne vegen innom oss:))
Litt bilder ifrå butikken som er
full av godbitar..

Riktig god helg folkens!

torsdag 7. februar 2013


Då er me godt igang etter den lange vinterferien vår.
Litt forandringar i lokalet måtte me ha...
Ommøblering, maling av golv, flytting av diskar...

Patinaniste er vorte til brødskive med godt pålegg,
sokalla BLINGS :)

Hugs at me har ope fleire dagar no :
Ons - Lør kl 11-16
( Fre til kl 17 )