torsdag 30. august 2012

Bruktnytt

Fann ein nydeleg lampekuppel i glasscontaineren i går. Den tok me sjølvsagt med oss, og vaska han godt før me satte han fram som vase i kafeen. Etter ein liten time kjem det ei dame som vil kjøpe vasen. Og bruke han som lampekuppel... Ja, ja livet er ein runddans. Sjølv for ein liten lampe;-)

søndag 19. august 2012


Ei hektisk og kjekk veke er slutt.

To av Patinadamene har blant anna vore på
MADONNAKONSERT !!!!
Veldig kjekk tur til Oslo :)

Me har også teke det fyrste steget mot å
verte filmstjerner....
Men, der har me nok litt å lære...
Uansett kan du sjå videoreportasjen om oss
som har vore på bt.no idag.

Pinlig - pinlig - pinlig, og rødme....

Til helga er det Balkanfest på Evanger !
Då er det verkeleg verdt å ta ein tur !
Fin veke til deg !

søndag 12. august 2012


Endeleg litt sommar og sol !
Eit bilete av den fine trebåten
som me låner ut til våre gjester :)

Denne veka har me litt endring
i opningstidene :

Man + tirs kl 11-17
Ons + Tors STENGT
Fre + Laur kl 11-17

Velkomen innom til oss !

tirsdag 7. august 2012

Sommar og full fart på Patina!!
Gjester ifrå Amerika, Italia og Norge
dei siste dagane:)) Me er glade og
fornøygde:)) I morgon er det ny
patinaveke, som me kallar det..:)
..og me gledar oss til å sjå deg:)
Litt nye bilder ifrå leilegheitene
i dag, tatt med mobil:)
Velkomen innom ons-laur
kl. 11-17:)