torsdag 28. april 2011

Vår og søndagsope



Herleg sol og vår !
Me har fått ordna opp i den vesle hageflekken vår. Bildet viser den fiiine varmepumpa vår på den eine sida og ein elektrisk boks ( har ikkje anna navn... ) og ein stolpe på andre sida. No har me prøvd alt me kan å sette buskar framfor, slik at dette kan verte litt skjult.... Buskane er sjølvsagt gjenbruk, finn litt her og litt der.  Det vert bra når graset spirer og alt blir grønt og fint.


Var på eit inspirerande seminar i går, der me mellom høyrde at det var ekstra kjekt når det var med folk på bildene me la ut... Såg at eg ikkje var så god på det idag, såg ganske så tomt ut hjå oss.... ;)
Denne veka byrjar me med søndagsope :)
So då er det berre å ta turen, både torsdag, fredag, laurdag og søndag :))
Ja - Jippi - Hurra :))

onsdag 20. april 2011

Påskefri



Patinadamene har teke litt påskeferie for å samla nye krefter.
Me er byrja på malearbeidet i leilighetane, og det tek si tid...
Planen er å vera ferdige til slutten av juni.
So då er det berre å sei det slik at skal du forbi Evanger eller Voss i sommar er det mogelegheiter for å booke seg inn hjå oss.
Nettsida vår skal vera klar med riktig informasjon og prisar rett over påske.

Me har ope på påskeaftan, frå kl 12-16.
Velkomen innom oss då !

Ynskjer alle ei herleg påske !

torsdag 14. april 2011

Framleis her..


Litt bilder frå butikken idag..
Kanskje du kjem på besøk?
Det hadde vore koseleg:)))
Ope tors 12-16
fre 12-17.30
laurd 12-16

Velkomen innom:))

mandag 4. april 2011

Ny blogg adresse



Me styrer framleis på med bloggen vår, som rett og slett skal verta vår nye heimeside.
Den nye adressa vår vil difor verta http://www.evanger.net/.
Her er endå mykje tekst og bilder som skal ordnast, men håpar å verta ferdig med det innan påske.
Veldig kjekt om de som er fylgjarar av bloggen vår, framleis vil halde fram med det.



Ellers er det vår og loppetider.
Eg var heldig og få med meg heim denne lampen på laurdag, likar både fargen og stilen på den :)
Sjølvsagt havnar mykje av loppene på butikken, og du er hjarteleg velkomen innom til oss :)

lørdag 2. april 2011

Framleis her..





Ny blogg el heimeside
er altså snart klar, men her gjenstår
framleis litt tekstskriving osv..
så ikkje tru alt du les enno...
Startsida her, er det som er
vår vanlege blogg, og alt som står her
er sjølvsagt på stell....hi hi..
Håpar de har tolmod med oss,
og toler at alt ikkje er heilt klart enno...
I dag er det sjølvsagt ope
hjå oss, og du er hjarteleg
velkomen innom.
Bilder frå butikken/kafeen idag..
masse fint både her og der..
ope frå 12-16..