lørdag 12. desember 2009

Me tok ein prøvevetur for å sjå etter joletre.

I dag skulle eg ikkje vere på Patina før litt utpå dagen. Hadde eigentleg tenkt meg ein tur til Voss for å ordne litt småputl til jol, men ungane hadde ikkje lyst! Dei ville berre ut i skogen og sjå etter joletre. Så då gjorde me faktisk det. Heldigvis! For ein dag i skogen! Sol! Rim på bakkar og tre! Det glitra og funkla overalt.


For ordens skuld nemnar eg at det er vår eigen skog. Slik at dykk ikkje trur me knabbar tre frå andre....
To tre som veks tett vert raskt kandidat for å verte joletre. Me har liksom litt sympati for det treet som etterkvart skal ende opp inne i jolestova vår. Det er ofte eit eller anna litt feil med det treet som vert med oss heim...

Kulda har kledd inn grana med eit tynt lag med rim....


Ungane oppdaga ei "glittermyr". Sjå her! Sjå der! Overalt glittra det! Kven treng glitter inne når me har glitter ute?



Ei lita vasskjelde har frose til is. Det var ikkje mykje å gli på, men det var veldig mykje moro!
Sa eg at me fann oss eit joletre? Me gjorde det! No står det eit stort og to små joletre ute i skogen med raude joleband på seg... Eit til stova vår, og eit til kva av ungane sine rom! Me skal hente dei siste sundag før jol.
Etter skogsturen bar det ned til Patina. Der lukta det Kongerøkelse, stearinljosa var tent og berre trivelege kundar var innom. Topp dag!
Patina- T

3 kommentarer:

Pillepalle sa...

Åh, for koselige bilder! Kjempefin vinterstemning :)
Her regner det og regner og regner .....
Hilsen fra Pillepalle

einar sa...

Kjempefine bilete! Det kan verta stemning også utan snø, det er heilt tydeleg.

Camilla sa...

hihi Idag er det vår tur å dra til skogs, så er det bare å krysse fingrene for at "kresne-camilla" finner ett pasende tre.. ;-) Ellers gleder jeg meg veldig til å komme hjem og få på lass stolene jeg plukket med fra dere igår! Hurra <3