I morgon er det klart for ein av dei store dagane på Evanger:) Evangerlaurdag!! Mangt og mykje hender den dagen, moteshow, kassebilløp, orgelkonsert brasskonsert, loppemarknad.. og mykje meir..Alt hender utandørs, og det vert sjølvsagt sol...?!! Ta med deg ein ven eller to og kom:)) Patina opnar kl 10-17 og me er klar med gode kaker, kaffi og eit innhaldsrikt LOPPEBORD!!
Sommarsesongen er begynt på Patina. No har me ope ons-laurd kl 11-17 Det spirer og gror, og me plukkar sjølvsagt inn sommarblomar til pynt:) Deilige kaker, foccacia ..og meire til:))
No er det nydeleg å sykle frå Evanger og innover Teigdalen! Familivenleg tur med svært lite trafikk, nydeleg svingete veg utan dei store stigningane og mange fine stader å stoppe. Stikk innom Patina og kjøp med deg niste og drikke og ta deg ein tur då vel!
Patina har ope tors 12-16, fre 12-16.30 og lau 12-16. Velkomen!
fredag 18. mai 2012
Vel overstått 17 mai!! Me hadde ein strålande dag på Patina:)) Etterpå gjekk me i tog.. ..utan regn!! Hurra:)) I dag har me ope att ifrå 12-16 ..og i morgon har me stengt pga konfirmasjon:)