mandag 6. april 2009

Den fine gato vår

Idag stoppa det ein bil utanfor butikken vår akkurat då eg kom køyrande heim. Sidan me ikkje har ope idag vart paret ståande utanfor og kikke inn vindauga. Eg spurte om dei hadde lyst inn og sjå, for då kunne eg låsa opp til dei ( me gjer det når det passar seg slik ). Det trengte eg ikkje sa dei, dei var i grunnen berre på veg forbi, men måtte nett innom i den utruleg fine gata vår :) Ja, det er mange som gjer akkurat det. Og då vert eg veldig stolt og glad over at eg faktisk bur her i denne "gato", som me kallar den. Det er berre ei gate her på Evanger.

For eit par år sidan var det også ein kafè i nabohuset, Rongahuset kunstkafè. Den er ikkje meir. Dei som eig huset har flytta, huset har stått tilsalgs lenge ( for den rette prisen....hm ? ) og det ser tomt og trist ut i lokalet. Heldigvis bur det folk ellers i huset, slik at det ikkje står heilt tomt, men eg må sei eg saknar livet med kafèen. Der kunne me ein gong eta belgisk konfekt, me kunne drikka ekte cappucino og americano, deilig ciabatta med spekeskinke frå Evanger og ei brownieskake som smelta på tunga.
Om kvelden kom det artistar frå meir urbane strok, og me fekk oppleva nydelege intimkonsertar, gjerne med god raudvin inntil, eller eit glas av det spesielle ølet dei selde her ! På marknadsdagar, då det er eit yrande folkeliv, stod kafèen i sentrum, og det låg eit slags eksotisk teppe over heile lokalet og innerst i hjørna kom det gjerne tonar frå ein kontrabass.
Mange av kundane våre likte dette. Koma til denne vesle byen, nyta kafèlivet og etterpå rusla rundt i butikken vår for å kjøpa med seg ein godbit til heimen.


Me har eit håp om at ein gong, .... ein gong kan det kanskje verta "liv" i Gato vår att. Som i gamle dagar, då det var opp til fleire kafèar, butikkar, skomakar, skreddar og til og med hotell !
Her, på vesle Evanger !

Butikken vår kan du oppleva framleis, og me lovar at du skal kunne få ein gratis kopp kaffi i pappbeger og masse inspirasjon om du kjem innom.
På sikt får me sjå kva me kan få til.... - H.

4 kommentarer:

Berit T sa...

Synd at sike kafeer ikke er liv laga, eller er det de som driv som går trøtte?
Vi hadde også en slik koselig kafe i Skudenes på Karmøy, der vi fikk hjemmelagede konfekt og deilig kaffe i små kunstkopper,en herlig opplevelse. Flotte bilder på veggene, intimt og koselig, men så var det plutselig slutt.
Det er jo om sommeren det er liv å røre, og lite som skjer i vinerhalvåret, så det blir sveltihel.

Men det er spennende med butikken dere har, så den vil jeg se mere til og hva som selges der...

Berit T sa...

Stemmer det at det var kafe Himmel og Hav, og vi ble så skuffet da dama drog!!
Uff, jeg ser jeg har skrivefeil i innlegget over... slik går det når en ikke leser gjennom før en poster ;o)

Landliv sa...

Jeg har aldri vært i Evanger, men det ser unektelig idyllisk ut! Kanskje serier som Himmelblå kan lokke folk til utkantene?? God påske til deg!

Den gode feen sa...

Gratulera med ny blogg. Eg har følgd nettsidene til Patina i mange år - ikkje sånn på dagleg basis, men dann og vann når eg kjem på det. Hugsar også reportasjen i BT der det også stod skriven om kafèen. Me var fleire som planla å ta togturen til Evanger for å besøke Patina og kafèen. Men det vart berre med planen.

Nå gler eg meg til å følgje bloggen dykkar - masse lukka til :)