søndag 14. juni 2009

Tuba in the air...



I rein glede og yr forventning til årets Balkanfest ( ikkje før i august... ) måtte generalen ta med seg tubaen sin og prøva akustikken oppe i fjellsida, på Tippen ved Styveshorgi.

Sjå den utsikta !




Då me kom heim heiv eg meg rundt og laga smuldrepai til kaffien.


Ei kjempeenkel oppskrift der ein kan bruka det fyllet ein har ( idag var det eplemos frå frysen )

200 g smør
200 g kveitemjøl
200 g sukker ( avh. av fyllet )
Legg fyllet ( epler, bær o.l ) i ei eldfast form. Fordel smuldreblandinga over.
Steik ved 200 grader i ca. 30 min
Nam !

3 kommentarer:

Linda sa...

Nam nam, nå fekk eg sååå lyst på pai :) Alt for lenge sidan eg har laga det! Nydelege fjell, og fantastisk utsikt:) Klem frå Linda

Alettesiriane sa...

for en fin dag dere har hatt!Tror du fortjener det!

Rosa sa...

må berre le bittelitt av generalen som plutselig "får da på seg". Kjempekult bilde, og for ei flink husmor som lagar smuldrepai til kaffi!