mandag 26. april 2010

Koseplassen

Hadde ein stille og roleg dag på butikken på laurdag. Faktisk så stille at eg fekk tenkt litt interiør heime og.... Det enda med at eg kjøpte med meg eit nytt putetrekk (stor firkantpute overstrødd med mange små blomar) og ei ljoslykt. Og vips så vart det riktig så triveleg på glasverandaen:


I godstolen har eg no skinn frå eigne sauer, stor pute frå House Doctor og lita pute frå Brukt'n på Voss.
Litt nærmare kikk på ljoslykta frå House Doctor. Etterkvart skal ho få eit skikkel kubeljos inni.

Og her eit lite bilete frå "kvelds-verandaen". Har akkurat kjøpt meg ny "gamal-komfyr" som skal nyttast til å lage mat ute på. Så kjære varme: kom no! Me ynskjer varme og uteliv!!



6 kommentarer:

Sannemor sa...

Det der vart ein skikkelig kosete kosekrok! Ei god bok, ein kopp te og liflege tonar frå platespelaren var det einaste som mangla.

Eit lite spørsmål: Korleis går ein fram for å få preparert skinn frå eigen sau? Eg tek det med at sauen fyrst må bøte med livet (...) - men etterpå då? Er skinnet levert inn ein stad, eller har du behandla det sjølv?

Susanne

IJ sa...

Så koselege bilder! Og den fine, gamle komfyren var jo bare kjempefin!

Patina T sa...

Til Sannemor:
Når me sender lam til slakting, gjer me avtale med slakteriet om at skinna våre skal vidare til Granberg Garveri. Når skinna er ferige kjem dei i posten til oss. Enkelt og greitt :-)
Turid

Sannemor sa...

So greitt! Det er herved notert :o)
Susanne

Auda sa...

Hei, hugsar dokke frå ein artikkel i Lev Landlig, og har veldig sansen for butikken dykkar! Skal ta den vegen til Bergen eingong, berre for å stogge der.
Eg har også samla retro ting og tang i alle år,sydd om det eine til det andre, måla om osv.. ei skikkeleg kjekke og etter måten billege sykje å ha!
Ein ganske lik komfyr har eg, emaljen på dei gamle komfyrane er heilt utruleg sterk og fin. Så koselege.

Camilla sa...

Hei og hopp! Klart det er lov å spørre hvor ´Brukten´i Knarvik er :-) Hvis du kjører inn der ved Ica-butikken og tar andre avkjørsel til venstre så finner du den ;) Tror det er skiltet med Gjenbruken..fins en annen brukt på Knarvik også, drevet av et eller annet misjonsselskap, men de har ikke noe særlig syns jeg. Lykke til!