fredag 3. desember 2010

Ein anelse raudt og jolemarknad


I morgon er det JOLEMARKNAD på Evanger !
I tillegg skjer det spanande ting i nabohuset vårt, Rongahuset.
Der er det flytta inn ei ekte kunstdama som heiter Mona Nordaas. Ho er proppa med nye planar for det store spanande huset. No har ho, saman med Kjell-Erik Ruud, laga klart for kunstutstillinga : "Ein anelse raudt" . Her får du "vera med på eit besøk inn i Julie Røeds siste bopel og får et innblikk i hennes forunderlige liv", som kunstnarane skriv.
Mona er ein meister på gjenbruk, og rundt alle vindauge har ho laga sløyfer av knallraud plast.
Eit verkeleg blikkfang !


Ellers er sjølvsagt også me klare for marknad i morgon.
Då vert gato vår liknande meir ei skomakergate, og den gode jolestemninga er garantert.
Me kan ikkje lova gode og varme lokale, men noko varmt i koppen skal me klara ;)
Marknaden varar frå 12 - 17
V e l k o m e n !



Me skal ha ope torsdag til søndag fram til siste helga før jol.
God helg !!!

4 kommentarer:

Therese W sa...

Kose dekan masse damer :)...synd eg ikke kunne være med i år...men kan ikke få med seg alt her i livet ;)
God helg og håper det kjem mangen i morgo.

DUNNISMoR sa...

Hadde vore kjekt å vore med på markedet, fått litt ekte Skomakergatestemning:)
Spanande at det skjer ting i nabohuset, då...må innrømma at eg vart noko nyfiken på den kunstutstillinga, ja.
Stilig gjenbrukspynt denne kunstnaren har laga!
God helg til dykk!

Susanne sa...

Dette lyt eg berre få med meg!

Har forresten lånt nokre bilete og reklamert til for marknaden på bloggen min... Håpar det er greit?

- Susanne

Patina-H sa...

Det er berre kjekt det, Sannemor :) Snakkast då !