lørdag 1. januar 2011

Godt nyttår !



GODT NYTTÅR ALLE SAMAN !!

Me har hatt eit fantastisk kjekt år på Patina !
Det mest spanande har vel vore oppstarten av vår vesle kafé. No har me bak oss eit halvt år med drift og lærdom, som me skal ta med oss vidare i det nye året.
I 2011 skal me også gå igang med å snikra endå meir, me skal bygge overnattingsrom....
Snikkarane kjem snart !
Me gledar oss til å ta fatt på nye utfordringar :)


Me vil gjerne takka alle de som har støtta oss, våre gode bloggevener, facebookvener, alle de som har vore innom til oss på Evanger. Dei fantastiske mennene våre !!! Smisk, smisk... Og ellers tålmodige ungar ;)
De gjev oss alle inspirasjon til å forsetja :)
 Håpar å sjå dykk alle i det nye året !

PS. Me har vinterstengt fram til midten av februar.

4 kommentarer:

Noralill sa...

Eg håpar de får det akkurat som de vil! Og at 2011 blir eit knallår for den flotte kafè/butikken dykkar!! Stoor klem

Trollkåno sa...

Godt nytt år......de driftige damer!
Og lukke til med nye prosjekt!

Rosa sa...

Godt nytt år, og lukke til med nye prosjekt!
Gler meg til de opnar igjen!

Tante Mimmi sa...

flinke flinke damer!
Eg får ha som mål å svinge innom Evanger før 2011 er over!
Kanskje på overnatting???! :)