lørdag 28. mai 2011

Nytt vindauge



Ein koseleg laurdag på butikk-kaféen.
Sommarblomar får me ha inne, for ute tek det aldri slutt med å regna...


Eit nymåla golv i leiligheten i 2.etg, og eit nyinnsett vindauge.
Ja, det er eit vindauge du ser ut gjennom ;)
Det ser ut som ein kan gå rett ut i lause lufta, og det var uvant med så mykje lys inn frå den kanten :)
Med ferdig listing rundt både ute og inne skal det verta superfint :)
Du kan koma og sjå den 11.juni !
Då satsar me på å ha ope hus for dei som vil koma og kikka ;)

3 kommentarer:

Anonym sa...

Moro å følgje bloggen dykkar! Leitar stadig etter eit høve til å ta turen forbi Evanger, men det ligg vel langt fram i tid:). Karen

Noralill sa...

Oj! Dette vert flott! Gledar meg til å sjå...

Klem

Susanne sa...

Knallstilig vindauge! Høg wow-faktor for dei besøkjande, vil eg tru!

Takk for innspel på "Male eller ikkje male?". Eg heller mot det same sjølv, men ambivalente meg har samtidig VELDIG lyst på ein litt ljosare trappeoppgong. Eg skal no ta nokre strok på trappavangane, so får me sjå...

Fortsatt god helg!