lørdag 21. april 2012

Vårt nærområde

 
I dag eit oversiktstbilde over eit våre fine
turområde..Me gjer stadig nye oppdagingar
 og vil veldig gjerne dele dei med deg:)
Lengst vekk i bildet ligg Evanger sentrum,
og Patina. Elva Vosso, som slynger seg ut i Evangervatnet,
er på sitt vakraste akkurat her midt i bildet.
 Evanger sin lokale badeplass ligg blandt mjuke
sanddyner som ein sovidt skimtar ved den vesle
øya midt uti elva:) Her kan ein berre bade
når elva er lita, og vårløysinga er over..
Ein heilt nyyydeleg plass:)..og litt
hemmeleg, sjølv om E 16 går rett forbi:)
****
Bildet er tatt oppe frå Øyjordet. For å
kome opp hit kan ein gå langs ein fin 
skogsveg ifrå Geitle heile vegen,
gjennom vakkert kulturlandskap:)
Eit fin tur som passar alle:)
****
Kom innom Patina etter å ha lufta deg idag..
Framleis deilig laurdagsgraut på menyen:)
Ope 12-16
****

2 kommentarer:

Synøve sa...

Åhhhh - får lyst te å legge turen nedover landet straks......:) Vakkert og spennande landskap, og tenk å kunne avslutta turen på Patina....:) Toppen av lykke:) Klem og takk for deling - her har gubben kasta seg på oppgradering av inngangsparti ute, og eg sorterer klede og sko og kastar.....så vi må nok halde oss ved telta (les; vårt 130-40 år gamle hus som alltid gir full sysselsetting om vi orkar) enno ei stund om prosjekta skal i boks:))

brudeblogg sa...

Så vakkert! :)