tirsdag 24. juli 2012

Ganefart

Me Patinadamene er ikkje kokkar...,
og me har mykje å lære
frå alle dei ekte gode husmødrene rundtom...
Me prøver oss fram med maten me serverar.
Me vil gjerne at den skal smaka godt...
Me er kresne...
Og me føler ofte at det ikkje er godt nok...
MEN, me har iallfall heimelaga mat, både kaker og brød.
Og me lagar kaffien med omhug.
Me handlar mykje av råvarene våre på den lokale matbutikken,
i tillegg til å bruke lokalprodusert spekemat i det me serverer.
Og så lagar me vår eigen bjørkesaft :)


Me synes også det er viktig at alle skal føla seg velkomne hjå oss.
Og me er rause med smil :)

Det me skal fram til,
er at me har meldt oss på ein konkurranse...

hi hi, me elskar nemleg konkurransar :)
Denne konkurransen er me ikkje med i for å vinna,
til det er det altfor mange flinke matkyndige folk med,
men me synes at fokuset til konkurransen er viktig.

"Ganefart - Årets beste spisested langs vei og vann"

Om du har lyst å ta turen innom til oss,

enten for å smaka vår heimelaga mat,
og gode kaffi,
eller ta ein inspirerande runde blant gamalt og nytt interiør,
så er du hjarteleg velkomen !

1 kommentar:

Bratte Bakka sa...

I fylgje meg og ungane mine, og ja faktisk mannen og, so smakar maten dykkar heilt fortreffeleg!

Britt