onsdag 16. mai 2012

Mamma

 
 
Denne månaden kan du kose deg med
ein nydeleg reportasje ifrå
hagestova og uthuset til den eine
Patinadama i siste nr av Mamma:)
...
Ynskjer alle ein fin
17 mai i morgon:)


Ope på Patina
10.30-13.00


Velkomen:))

onsdag 9. mai 2012

 
Eit lite fargekick i kveld frå oss:)
Hugs ope i morgon att. Er du glad i å sy
har me masse stoff/stoffrestar til
berre 20 kr pr del...kom og sjå:))
Ope 12-16
Velkomen, velkomen!

tirsdag 8. mai 2012

 
Kvifor ikkje bruke eit
gamalt kjøkkenredskap til
lysestake..?
..
Ynskjer alle ein
fin dag:)

torsdag 26. april 2012



Nokre gamle knottar har fått
eit litt anna uttrykk med litt
restegarn...:)
Kanskje ein ide for deg òg?
Eller so finn du dei på 
Patina...:)
Velkomen innom i regnet..
Ope 12-16 i dag:)

mandag 23. april 2012

Overnatting på Balkanfest

Me håpar du har satt av helga 24.-26.august i år ? :)
Då inviterer bygda alle til årets
Balkanfest Evanger !
Har du lyst å overnatte på Patina, tek me imot grupper på
 5  4 og 2 stk :)


Totalt har me plass til 14-15 personar.
Pris : kr. 1000,- pr.pers
( som inkluderer festivalpass + overnatting fre-søn )

Dette vert som alltid ei helg spekka av
enorm glede og rytmisk dans,
vilt, sært og eksotisk...
Her kan du sjå programmet Folk,
som laga dokumentar om festivalen i fjor.
Det er berre å gleda seg <3


 

lørdag 21. april 2012

Vårt nærområde

 
I dag eit oversiktstbilde over eit våre fine
turområde..Me gjer stadig nye oppdagingar
 og vil veldig gjerne dele dei med deg:)
Lengst vekk i bildet ligg Evanger sentrum,
og Patina. Elva Vosso, som slynger seg ut i Evangervatnet,
er på sitt vakraste akkurat her midt i bildet.
 Evanger sin lokale badeplass ligg blandt mjuke
sanddyner som ein sovidt skimtar ved den vesle
øya midt uti elva:) Her kan ein berre bade
når elva er lita, og vårløysinga er over..
Ein heilt nyyydeleg plass:)..og litt
hemmeleg, sjølv om E 16 går rett forbi:)
****
Bildet er tatt oppe frå Øyjordet. For å
kome opp hit kan ein gå langs ein fin 
skogsveg ifrå Geitle heile vegen,
gjennom vakkert kulturlandskap:)
Eit fin tur som passar alle:)
****
Kom innom Patina etter å ha lufta deg idag..
Framleis deilig laurdagsgraut på menyen:)
Ope 12-16
****

onsdag 18. april 2012

Utfordring


Me er på jakt etter fleire pinnestolar
her på Patina, og no lurar me på om
DU kan hjelpe oss...??
Har du ein pinnestol, eller krakk
du vil bli kvitt, ta han med til oss 
torsdag eller fredag, mellom 
 kl 12 og 16, og me spanderar 
ein gratis, valgfri kaffi på deg!!

Hurra!!...dette vert moro:))
..gledar oss..
og hjarteleg velkomen
uansett:))