mandag 17. august 2009

Ein heimasydd festival



Årets balkanfest på Evanger nærmar seg med stormskritt.
Sidan mannen min er festival general, og eg er god sekretær ;), blir det mykje jobbing no siste vekene.
Eg har teke på meg ansvaret for pynting.
Festivalen har som varemerke at det meste skal vera heimelaga.
I fjor sydde Irene og eg haugevis av vimplar av forskjellig stoff, som hang på kryss og tvers gjennom gato. I tillegg hengte me opp mange gamle kjolar og farga lyspærer. Det vart kjempefint.





Svigermor er ein kløppar på symaskina, og ho fekk mellom anna æra av å sy banneret på scenen.
Her er bilete frå Gabriel Fliflet og Ole Hamre si framsyning.



I år er eg i full gang med å laga ein banner som skal henga på tvers over gato.
Eit stilig stoff frå Ikea vert bakgrunn. Og til bokstavar brukar eg skjorteavklipp ( sidan eg har ei mor som syr bunader :) ) Problemet er å sy sikk sakk rundt kvar bokstav... Det tek sjølvsagt lenger tid enn eg hadde rekna med, og eg kjenner at skuldrene vert stive... Men, men, ALT for balkanfesten i desse dagar :) Får prøva å gjera mest mogeleg før me fer til hovudstaden. etter det er det berre nokre dagar att....



Eller DOBRO DOSLI NA BALKANFEST om du vil :)

4 kommentarer:

Anonym sa...

STIIILIG! Du er flink
-N-

Orlaug sa...

Kjempeflott!!
Den vert stas å henge opp.....

Anonym sa...

Du er berre gull verd,Hilde....frå May

Rosa sa...

Så det var dette guten sat og klypte til, ja. Det blir knallfint, endå eit hakk opp frå ifjor.

og ja, arbeidstimar vert det jo litt av ;)

Kos deko i hovudstaden!