mandag 31. august 2009

Fantastiske balkanfest



Då var Balkanfesten over for i år.
Litt vemodig, litt godt, litt skremmande....
litt undrande...., litt meir erfaren...
veldig glad..., meir nyfiken,
klokare, utruleg rørt og takksam.

Det er mange som er i sving under ei slik helg. Å jobba slik på dugnad gjev eit godt samhald og det er utruleg kjekt. Samtidig vert ein fullstendig tom når helga er over og ein er tilbake i kvardagen att.

Me sit att med mange gode minner og dei kan me leva lenge på.

Det var mange flotte konsertar og mykje dansing. Marko Markovic og hans orkester gjorde jobben sin brilliant og det same gjorde Farmers Market. Badna Balkan var moro for ungane og ellers var her fantastisk stemning. Denne musikken klarar ein ikkje å sitte i ro til :)

Ein av dei finaste opplevingane eg hadde var kyrkjekonserten med Rakija.
Ein utruleg sympatisk gjeng som spelte lett opprocka tradisjonelle songar frå Balkan i tillegg til eigenproduserte låtar.





Det regna mykje heile helga, men kva gjer vel det når det meste av området ligg under telt og presenning :)

Det var ein tung ryddejobb i går, då ALT var vått !

Alle snorene med vimplar vart hengt opp til tørk på loftet til mannen min sin snikkarverkstad.








Hi hi, synes det vart riktig så koseleg der oppe no....

1 kommentar:

Rosa sa...

Ja, takk for ei fantastisk festival-helg - det var heilt strålande!!

litt trøytt vert ein jo, men vel verdt opplevingane me har fått!