Dette er ei deilig tid! For no er det vel lov å snakke om jol, eller!?
Me har funne fram jolepynten frå i fjor og pynta litt medan me ventar på varene frå House Doctor (det skulle ikkje vere lovleg å vere så treige!!)
Gamal jolepynt er alltid like flott. Her har me hengt ei gamal joletrekongle på ei kvitlakkert grein. Ganske så fint spør du meg...
Denne deilige tida er og glimrande til å lage litt jolegåver. Så slepp me å få det så travelt når jola nærmar seg skikkeleg! På torsdag sydde eg små "topplokk" til nokre fine glas me har frå House Doctor. Så vert dei meir anvendelege om ein ynskjer å oppbevare mat i dei.
1 kommentar:
Hei!
-No é da jammen på tide at eg tek meg ein tur innom butikken att snart...detta vett fø fristande..!:)
So masse fint!
Go sundag & farsdagsfeiring!
DUNNISMoR
Legg inn en kommentar