mandag 9. november 2009

Stylistoppdrag



Idag har Patina damene vore på stylist oppdrag på gamleheimen her i bygda.
Det var jo litt moro og, sjølv om det er veldig vanskeleg å få det til å bli fint innimellom fastmonterte varslingsgreier, ovnar, brannsløkkingapparat og diverse anna som sjølvsagt er naudsynt på ein institusjon.


Me flytta litt på dette gamle orgelet, slik at me kunne pynte litt rundt det.
Og den litt kjedelege kork oppslagstavla kledde me med litt blondestoff. Den vart litt betre syns me.



Dei utruleg fine bildene som heng på veggen fann me i den gamle gamleheimen ved sida av, der alt gamalt og ubrukeleg er samla ( alt det fine spør du oss... ) Gjenbruk er ofte det beste :)


Om ikkje alle heilt likar den nye stilen vår, så var me einig om at forandring fryder for ei lita stund :)

2 kommentarer:

Orlaug sa...

So fint de har laga det til....og so DEI flotte bildena, då......godt jobba!

Anonym sa...

Flinke de er!
Gleder meg til å sjå det "laiv"! Og dei bileta har eg sikla etter mang ei gong;))
-N-