fredag 19. februar 2010

The Piano


Om du har køyrt forbi Patinabutikken den siste veka
kan det vera du har sett noko litt rart...
Eit gamalt piano, midt ute i snøen....


Det minner meg om den vakre filmen "The Piano"med Holly Hunter og ein nydeleg musikk....
Høyr berre her :



Slik kan me jo drøyme oss vekk litt ute i det fri, medan oppussinga går sin gang inni butikken.
Om du trur at pianoet endå kan gjera nytte av seg ein stad, så kom gjerne forbi og ta det med deg.
Du vert ikkje meldt, for å seia det slik ! ;) 
( Dessverre vert det på dynga neste... )

Me opnar butikken att torsdag 4.mars.
Det gledar me oss til :)
Ynskjer alle ei toppers helg !

6 kommentarer:

reSIRIkulert sa...

Ååå, om eg berre kunne køyre forbi dykk, og kanskje plukke med meg eit herleg brukt piano... *hjertesukk*
Eg minnes godt filmen òg - ser den gjerne om att og om att..
Ynskjer dykk god oppussing, og god helg!
Siri

Sannemor sa...

Kjekt å høyre at de opnar dørene att - og i nyvølte lokale. Det står respekt av å drive oppussing i desse frosne tider!

(Flott piano! Eg leitar etter nett eit slikt som er spelbart. Dei florerer på Gies bort på finn.no i Oslo-området, men ikkje i Bergen. Typisk nok!)

God helg!

till-vidas-ara sa...

Kuli kuli, hihi..skulle gärna tatt hem det om jag inte bott så fasligt långt bort :)))
Svårt att rymma allt man önskar och vill ha också...
Önskar er en härlig måndag..

Kram Lycke

till-vidas-ara sa...

Hihi, vi måste ha gett varandra kommentarer samtidigt tror jag visst :DDD

Kram Lycke

Tante Mimmi sa...

Kjære vene! La det stå! La det bli tatt av vær og vind! Det var jo heilt FANTASTISK! Tenk alle som stoppar fordi dei blir nyfiken!
Eg kjenner det på meg- la det få sin site kvilestad der ute under open himmel!
Så skal eg stoppe neste gang og IKKJE ta det med, men ta bilde!
og..då når eg først er der må eg jo innom butikken! :)

Anonym sa...

Skikkeleg flott piano, skulle ynskje eg hadde hatt plass til det, sjølv om det berre hadde stått til pynt.
Eg bur berre ein snartur fra deko.: )
Kjem innom butikken når den åpnar igjen.
Helsing Mai Britt.