fredag 5. mars 2010

Patina-kjeks frå opningsdagen.

Som kjent opna me Patina-butikken att i går etter å hatt vinterstengt ein periode. Det var mange svært trivelege kundar innom, og 2 av dei spurte om me ikkje kunne leggje ut oppskrifta på småkakene våre på bloggen. Kjeksa me spanderte i går er i ekte Patina ånd: me tek ei godt brukt oppskrift, gjer litt fornyingar og vips så vart det noko litt nytt og spanande! Gårsdagens variant var som fylgjer:
Oppskrift på Patina sine havrekaker.
200 gr smør
3,5 dl sukker
1 egg
2 ss vatn
2 dl kveitemjøl
1 ts kanel
1 ts vaniljesukker
1 krm salt
0,5 ts natron
6 dl havregryn
2 dl rosiner
2 dl hakka valnøter/hasselnøter/mandlar
1 pl kokesjokolade
Rør smør og sukker kvitt. Tilsett egg og vatn. Bland i alt det tørre. Bruk gjerne fleire typar nøter samstundes, og det er knallgodt med både kvit og brun sjokolade oppkutta i bitar! Sett litt store spiseskeier med røra på ei smurt plate og steik i 12 minutt på 175 grader. La kakene avkjøle litt på plata før du avkjøler på rist og tilslutt puttar dei oppi ein fin gamal boks....;-) Kakene held seg lenge og er akkurat like gode etter nokre dagar!
Nyt!
Patina-T

1 kommentar:

reSIRIkulert sa...

Ei spanande oppskrift som må prøvast! ;o)