lørdag 10. juli 2010

Me nyt kafélivet



Gurimalla kor kjekt det er å driva kafé med slike dagar me har hatt :))
Sola har vist seg frå si beste side og folk har kosa seg både ute og inne.
Me spring frå det eine til det andre, lagar på mat og kaffi og prøver rydda unna så godt me kan...
Når dagen er slutt finn me ut at me slett ikkje har hatt tid til verken å eta eller drikka kaffi sjølve...
Men, det er jo utruleg moro ! :)


Den gode kvilestolen med teakbordet i dette hjørnet, var det nokon som reiste med.... så der lyt me tenka ut ei ny løysing.... Akkurat no står "Lille Gine" der med sommarkjolen på.
Slik vil det jo alltid vera, at interiøret skiftar litt ettersom :)
I morgon har me ope att, og då skal me prøva oss med ein pastasalat.
God sommar vidare !

7 kommentarer:

tinsel sa...

Så kjekt å høyra at dere har det travelt.Eg kikker alltid bort til dere når eg pakkar snipp eska og kjøre forbi.Er innom når eg kan!

Rosa sa...

Då vert det pastasalat på meg neste gong - gjerne utan pasta ;) hihi. Den tripptrapp-stolen ved bordet, sel de den, forresten?? Eller er den kun til eige bruk?

mali-mo sa...

God sommer til Patinajentene. Skal prøve å legge inn en stopp hvis jeg drar forbi i sommer ;)

Rangla sa...

For ein herleg kafè! Kvar ligg Evanger då? Ein stad på Vestlandet vil eg tru, sidan de skriv på nynorsk...? Eg er særskild glad i nynorske bloggar... :-) Vi dreg til Vestlandet på tysdag så om Evanger ligg på vegen kjem vi innom om de har ope!

Patina-H sa...

Tripp trappen er foreløpig til eige bruk trur eg me må sei ;)

Emmelie sa...

Hi there,

Visit Patina a few weeks ago.
Bought the little skirt in the picture.Love it. It's hanging in my room now.

Enjoyed Patina. Great pastries.
Wrote something about Patina on my blog.

Love from the Netherlands,

Emmelie Lindner
http://emmelielindner.blogspot.com/

Caro sa...

Hello,

We visited your cafe a couple of weeks ago and really enjoyed te cafe, te food and the surroundings.
It's such a nice place.

groetjes, Caro
http://windekind-everythingwonderful.blogspot.com/