fredag 16. juli 2010

Nye lopper på Patina.

Når Patinadamene er ute og reiser, kan du vere trygg på at me alltid har eit lite sidesyn for bruktbutikkar/loppemarknader ;-) Eg har no vore ein snartur innom eit "loppis" i Sverige, og testa ut litt "bruktar" i Toten området. Her kjem nokon smakebitar:
Liten kasserolle frå Catrineholm. Ei orange, ildfaste form forsvann ut før me fekk teke bilete.
Eit litt spesielt servise frå Egersund. Handmalt og i fin stand. Her kan 7 personar ete frukost samstundes.

Eit nydeleg gamalt fat som er tyngre enn vår fajanse. Er litt usikker kvar det kjem frå. Det står SITKA under fatet, så om nokon veit noko meir vert me takksame for kunnskapsoppdateringar :-)


Ingen kommentarer: