mandag 2. august 2010

Hylleblomsaft

Dagane går så fort når me har kafeen open! Det er over ei veke sidan me laga hylleblomsaft, men no får eg endeleg satt meg ned og laga eit innlegg om det. Safta vart god, og me har berre fått gode attendemeldingar på ho :)
Tok nokre bileter av hylleblomane og sitronane nede i bøtta rett før eg helte kokande vatn over.... Ser det ikkje delikat ut?


Alle er hjarteleg velkomen innom for å få seg eit glas med enten hylleblomsaft eller bjørkesaft! Bjørkesafta laga me i vår, og då trur eg jammen me heilt gløymte å ta bileter....

3 kommentarer:

Jorunn Alice sa...

Hei!

Ville berre sei at de har ein utruleg koseleg butikk og kafe. Me kjem snart igjen!

Ha ei fin dag:)

Mette sa...

Oj, dette skulle eg gjerne ha smakt.... Lurer no på om det er svarthyll eller raudhyll eg har på hytta for eg vart skikkeleg misunneleg. Endå ein god grunn for å stogga på Evanger.

IJ sa...

Det er så godt med hylleblomstsaft!! Mor mi lagar litervis kvart år. Men visste de at de kan laga like god saft(nesten lik smak) av mjødurt? - og den finn ein jo overalt:-) Supergodt!

Nydelege bilder frå kafeen i posten over! Ser eg må ha meg ein tur innom dykk ein gong!!