søndag 22. august 2010

Småputling og balkanfest !



Idag høljeregnar det ute, og det er ein stille søndag på kaféen.
Fint å sitta i vindauge og ordna litt på dataen.
Me har fått inn nye varer frå Blafre. Masse glade fargar og mønster til å muntra opp utover hausten ;)



Borda i kaféen er for tida pynta med gamle scrabble bokstavar, noko som har vore til glede både for oss og gjestene.

 

"Småputla", som er eit godt vossaord, kan fort verta til....



Neste helg er det helga over alle helger på Evanger !
Då er det Balkanfest !
Har du lyst å oppleva ei helg som osar av sydlansk stemning ( sjølv i regn... ), drivande rytmar, som ein berre MÅ dansa til, spanande mat frå både Balkan og Evanger, ei gate pynta til fest, så er dette helga og ta turen her.
Det vert laga til camp for dei som har telt eller campingvogn, eller du kan overnatta på Voss Vandrarheim, eller rett og slett ta bussen til Voss eller Bergen som er satt opp laurdagsnatta.
Eller kanskje det freistar med ein dagstur på laurdagen ? Her er program for heile familien !



Om du var i nærleiken av Voss eller Bergen i går, kan det vera du høyrde ljomen av denne Balkanhengaren ? ;)



Patina er klar for Balkanfest !
Er du ?
Gå inn og sjå meir info på nettsida her.

3 kommentarer:

Hege Elisabeth sa...

Kjekke blafre-varer:)
Balkan-fest hørtes jo kjempekult ut:)

Rosa sa...

så morro med bokstavpynt på borda!

Og ja, delar av heimen er iallefall klar for Balkanfest, medan andre er litt lei seg for at det kræsja med jobbreise (sjølv om reisa er noko å gle seg til ;) )

Lukke til med helga, både i butikken og festivalnemnda!

Mette sa...

Åh, no må eg tenkja hardt på helgas prioriteringar.