lørdag 27. februar 2010

Oppussing og vinterferie

Frykteleg lenge sidan sist innlegg her, skulle ikkje tru me var tre damer som byta på jobben ;)
Men, men, tida går fort og me er opptekne med oppussing på butikken og ellers vinterferie.

Her nyt me litt kaffi og kake i den herlege sola.
Me har mala golv og tak pluss ein del av møblane, i tillegg må det ommøblerast.
Og me SKAL vera ferdige til torsdag, for då opnar me att.
JIPPIIII !!!



Etterpå kunne me opp og nyta endå meir sol og vinter oppe på Elje ( garden til Turid )
Er ikkje dette nydeleg, so veit ikkje eg.
Kan jo vera litt lei all denne snøen innimellom, men du og du kor flott det er :)
Ynskjer alle ei fortsatt strålande helg !

3 kommentarer:

reSIRIkulert sa...

Nydelege vinterbilete. Mest så ein kan kjenna sola varma...
Ynskjer dykk lykke til med nyopninga!
Siri

Noralill sa...

Ja einig, det er nyyydeleg med vinterbilete, iallefall når dei er så fine som dette!

Gler meg til å sjå butikken etter oppussing og omflyttinga!

Camilla sa...

Hei og hopp! Har dere åpent på lørdag eller?? :-) Da skal vi oppover nemlig..hoho Må bare få unna årets første loppis først ;-)