lørdag 30. mai 2009

Dugnadsdag

Idag har me hatt dugnad på butikken vår. Alle mann i arbeid, og jammen fekk me gjort litt.



Me er fremdeles mest på nedrivingsfasen, og det vert mykje støv i lufta...
Innimellom alt finn me små skattar, som gamle avisutklipp....


Og sjå kva det gamle huset vårt har....... ein ekte utedo !!!
Me klarte ikkje berre rive den sund, og har foreløpig satt den fint utanfor i håp om å kunne bruka den til noko.... sjølv om det faktisk er ein do ! Issjj....

Etter mykje drittarbeid fekk me også gjort litt kjekt arbeid, som å dekorera ein gamal isboks....


som me sjølvsagt er tenkt å fylla med IS :) Juhuuuu :)



Så no satsar me på kaffi, te og is på butikken vår !
Håpar å få frysen opp å gå til Evangerlaurdag om ei veke....
Jaudå, me må sei oss fornøgd etter ein lang og arbeidsom dag :)
God pinsehelg til alle, og takk for kjekke kommentarer :)

2 kommentarer:

Rosa sa...

Hurra! No vert det endå kjekkare å ta ein kaffikopp i butikken. Dei små kjem til å vere ivrigare enn mora når dei finn ut kva som gøymer seg i boksen :)

Gler meg til å sjå!

Lycke sa...

Men vilken underbar frys det blev...älskar mönstrena bakom också...jättefiiint, ser så mysigt ut där...

Kram Lycke