tirsdag 19. mai 2009


Studietur til Lærdalsøyri.
Eg har jo alltid visst at Lærdalsøyri er ein svært koseleg stad. Men når ein spaserar sakte oppover GATO der med eit kamera i handa, får ein verkeleg opp augo for kor nydeleg det er der.





Må få lov til å rose alle i Lærdal for måten dei har teke vare på husa, hagane, gjerda, ja til og med "gamle" blomar.
Me har teke med oss alle inntrykka heim att til Evanger. Det som er så flott er at GATO vår og har eit fantastisk potensiale i seg! Og det har jammen Sjøbua og! Når ein ser slike perler som gamle Lærdalsøyri får ein lyst til berre å kaste seg rundt og skape vakre, estetiske interiør og eksteriør!!


....(slike vitaminbomber vil me nok trenge mange av når me no gjev oss i kast med Sjøbua for å skape Patina -simple living. Så kom gjerne med tips om fleire!)