mandag 18. mai 2009

Matbutikk på Evanger



Då var iallfall både fotografar og modellar reist ut av husa våre og tilbake til heimlandet. Det vert spennande og sjå resultatet....

17.mai vart feira med ein blanding av"Fairytale" og "Ja vi elsker", og ein fekk ein ekstra god følelse av å høyra til ein plass.
Årets syttandemai tale her på Evanger vart helde av ei utruleg flink og inspirerande dame frå nabobygda, ho fekk oss til å le, samtidig som ein sat att med ein utruleg vilje til å få til noko positivt på heimplassen vår. Det vart liksom ei meining med heile dette prosjektet som ein er starta på.
Ho nemnte blandt anna at ungane våre må få ein god tilhøyrighet til bygda si, slik at dei også skal få lyst til å koma tilbake. Me må visa dei at me får til ting og at me samarbeider, og er glade for å bu her ! :)

Det som er kjempedumt, er at me manglar ein matbutikk i desse dagar :(
Dei som dreiv den, orka rett og slett ikkje meir, dei var utbrente....

Me er veeeeldig på jakt etter nokon "nye" som har lyst å koma hertil og driva butikken, og ei gruppe har jobba med å laga eit prospekt for å reklamera både for butikken og for Evanger.
Oppfordringa er herved sendt, og me håpar at det finst ein der ute....



Har du lyst til å driva butikk på Evanger?
Lokalet er klart til bruk - og kundane ventar!
Link til webområde: http://www.evanger-bygdatun.no/ Direkte til prospekt:
http://www.evanger-bygdatun.no/ProspektButikkenEvanger.pdf

Send gjerne denne ut til alle de trur kan vera interesserte.
Då seier me TUSEN TAKK !!!

1 kommentar:

Haust sa...

Oisann, eg visste ikkje at de hadde blogg! Så kjekt! Eg har tatt ein titt i arkivet her og må seie at det høyrest utruleg spanande ut, det de driv med! Så flott at de verkeleg satsar i den vesle bygda dykkar! Inspirerande! :)

Ha ein god dag!