mandag 7. september 2009

Hekta på stoff



Ein haug vatt tepper.
Berre eit lite utvalg av alle dei fine mønster det finnst på slike dyner...
Veit ikkje kor mange slike tepper me har funne i containerar ( forresten lenge sidan siste containerdykk....isj ). Det virkar som om dyner, spraglete dynetrekk, gusjne gardiner, skitne dukar osv. er det fyrste som går i containeren ved store oppryddingar.
Kanskje ikkje så rart.... ?
Men for oss som ELSKAR slikt "skrot" er det reine juvelen å finna slike fine nydelege mønstra vatt tepper og anna stoff, hekla gardiner og små dukar som kanskje ikkje er heilt heile, gamle forklekjolar som er bøta både framlengs og baklengs...



Har vore ein rask tur innom Fretex idag og.
Fann ikkje så mykje, men dette fine prikkete skjørtet fall eg for.



Ha ein fortsatt fin dag !

1 kommentar:

Tove sa...

For en flott samling dyner! Jeg kan ikke skjønne at noen kaster/ gir bort slikt, men jeg er veldig glad for at de har gjort det, hihi
Skjørtet så også veldig fint ut:)