tirsdag 22. september 2009

Loppefunn

På laurdag var eg og Turid på loppemarknad i Bergen.
Me vart regelrett trøkka inn døra og det var kø og trengsel i alle rom, rett og slett alt for mange folk som pressa seg fram mot skrotet. Me fekk vel ikkje heilt den gode loppisfølelsen....
Litt småtteri fekk me no med oss, men bildene eg tok raskt i kveld vart ikkje spesielt fine dessverre.







Synes desse krydder dokkene var så fine. Dei fann me på loppemarknaden til dyrebeskyttelsen i Bergen. Ein mykje mindre marknad, men desto mykje koseligare :)
Her fann me også litt gamalt broderi, med freshe fargar.
Ein kjedeleg klokkestreng kan brukast til so mangt.... ;)



Idag tidleg dukka det også opp varer frå Blafre Design :) Jippi !!!!
Gledar oss til å få satt varene derfrå ut i butikken.
Dei har også ein fin blogg, som du finn her

Kos dåkk i haustregnet, eller sola, eller regnet, eller.... Ikkje godt å vita ;)

1 kommentar:

Orlaug sa...

Dei dokkene var kjempefine!
Skulle gjerne vore der, ja.....kjem vel fleire sjangsar.