mandag 28. september 2009

Eplemuffins og eit glimt av sol...



Idag fekk eg kjempelyst på eplekake, og i vertfall når skapet var fullt i sjølvhausta epler. Om ikkje heilt frå eigen hage so iallfall med lov ;)
Det finst maaange oppskrifter på eplekaker, men idag fann eg ein oppskrift på eplemuffins. Og jammen var den ganske god og ganske lett å lage.
Deler gjerne den :

Eplemuffins 12 - 15 stk

3 dl kveitemjøl
2 ts bakepulver
1 1/2 dl sukker
1 1/2 dl kaffifløyte
2 ss smelta smør
Eplebiter frå ca tre epler

Strø med sukker og kanel

Bland mjøl, bakepulver og sukker. Ta så i fløyte og smelta smør. Rør.
Ta så i eplebitane. Ha i papirformer. Dryss sukker og kanel på toppen.
Steik på 200 C i ca 15 min.

Jumm jummm.....



Såg eit rart lys ute på ettermiddagen og måtte ta ein tur ut og sjå kva det kunne vera... ?


Trea står med vatn til knena og alt er berre vått !



Men, trur du ikkje SOLA kom fram eit lite glimt :)



Juhuuu huuu :) Då vert me so glad og me hoppar og sprett :) :)
Og so var det regn igjen....
Jaja.

1 kommentar:

Maria sa...

Uhhhm, lækre muffins :-) Jeg elsker at bage med æbler. Eftersom du har studeret og sikkert også da boet i DK, har du måske også smagt æbleflæsk ?
supergodt.

KH Maria.