lørdag 12. september 2009

Laurdagsope er bra

Endeleg opnar me butikken også på laurdagar.
Har hatt ein god dag der idag. Dei kundane som var innom handla, og eg har fått gjort ferdig ryddejobben bak disken, som me alle tre byrja så godt på i går.



Me har laga ein vegg med den fine voksduken me har for sal.
Den har berre så utruleg herleg mønster, og den gjorde seg også godt som vegg :)



No kan me gøyma litt rot, som det merkeleg nok alltid blir nok av.... Sjølv om ein lagar aldri så gode system på ting...hm..
No blir det deilig med laurdagskveld og helg :)
Håpar alle kosar seg, og i morgon er det meldt sol her på Vestlandet...håpe håpe...

1 kommentar:

Rosa sa...

de er flinke til å gjera det innbydande i butikken, det er iallefall sikkert! Eg hadde tenkt å testa ut den laurdagsopne versjonen, men det får bli neste gong ;)

God veke!