søndag 4. oktober 2009

Endå meir loppis



I går var det loppetur att på Patina damene. Eit stort og veldig bra loppemarknad :)
Denne gamel skjøre fuglen fekk vera med heim... Elskar slik gamal julepynt.



Diverse stoff må ein alltids ha med seg....



Denne snodige kreasjonen var noko av det fyrste eg treiv med meg.
Veit ikkje heilt kva den skal brukast til, men eit eller anna var det ved den... ;)



Dette brettet var ikkje so fint i utgangspunktet, men eg tenkte at noko kunne ein vel gjera med det, slik at det vart litt finare. Då eg kom på butikken, etter den nøye planlagte timen på loppis, limte eg litt gamal tapet på det, og vips, vart det eit heilt anna brett :)



Mykje anna kom også med heim. Men litt må me vel spara...
Håpar alle har hatt ei fin helg og har lada batteri for ei ny veke. Her er det haustferie no, men butikken vil sjølvsagt vera open som vanleg torsdag, fredag og laurdag :)

5 kommentarer:

Duften av erteblomster sa...

ååå, jeg elsker gammel julepynt som den fuglen...vakkert!

ønsker dere en finfin uke,
vibeke :)

DUNNISMoR sa...

For ein Nydeleg gamal fugl!
...hugsar at bestemor alltid hadde slike fuglar i toppen av juletreet...eg kunne sitte i all eva og sjå på all den vakre pynten ho hadde:) Siste åra har jo fleire butikkar hatt gamaldags julepynt i sortimentet, fuglar òg, men det vert liksom ikkje heilt det same, synest no eg.

Ha ein fin veke!
DUNNISMoR

Scandinavian Retro sa...

Så mye fint du fikk tak i! Den elefant-kreasjonen var bare helt herlig:) Selv om den ikke er så nyttig sprer den nok glede! Ha en fin dag!

Rosa sa...

Tenk at nokon gjev slik jolepynt til loppemarknad. Huflslemeg!

Eg hadde frykteleg lyst til å reisa på den loppisen - det var jo så kjekt ifjor! Men, når reisefylgjet mangla og me strengt tatt var på besøk hjå andre, så fekk det beint vera denne gongen.

Camilla sa...

ååå..fine fuglen! :-)