torsdag 29. oktober 2009

Metervis med band



Sidan me bur ganske i nærleiken av Dale Garn sin fabrikk, og der skulle vera SALG idag, måtte to damer ( les: Turid og Hilde ) hiva seg i bilen og sjå om det kunne vera noko spennande.... som me sjølvsagt ikkje vil gå glipp av ;)



Det første eg såg då me entra lokalet, var "alt på bordet, GRATIS "
Juhuuu, dette likar me :)
Desse rullane med fine vevde band låg nemleg der.



Meter på meter med fargerike band. Kva kan dei brukast til, tru... ?
Me fann litt anna òg sjølvsagt, men det var til heilt andre prisar.... hi hi :)

Varene frå Ib Laursen er kome i butikken, dei kan me visa i morgon :)

1 kommentar:

Orlaug sa...

Det var sant, ja.....der hadde eg tenkt meg....men gløymde det heilt.
Masse fint band de fekk tak i.......